Fråsegna vart vedteken med 29 (H, KrF, Frp) mot 26 (Ap, SV, V, RV, Sp) røyster. Forslaget til fråsegn var sett fram av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Fråsegna:
«Overgangsordningane mellom ny og gamal skatteordning for reiarlaga svekkar maritim industri.
Regjeringa har lagt fram den nye maritime strategien «Stø kurs». Meldinga inneheld ei klar satsing på maritim næring med vekt på rammevilkår for næringa, miljøtiltak, maritim kompetanse, forsking og innovasjon og nærskipsfart. Tiltaka viser vilje til å satsa på maritim næring og til å oppretthalda den som ei av våre viktigaste næringar.
I meldinga legg regjeringa også opp til ein ny skattemodell for reiarlaga etter europeisk modell for reiarlagsskatt. Hordaland og Bergensregionen er kjend for å ha flest internasjonale reiarlag i Noreg, og maritim næring er den nest største verdiskaparen i vårt område. Bergen har også det største talet på skip av norske byar og størst tonnasje. Fylkestinget ser det difor som positivt med ein ny internasjonalt konkurransedyktig modell. Dette er også fullt ut i tråd med høyringsuttalen vår til NOU 2006: 4 – Rederiskatteutvalet.
Hordaland fylkeskommune ønskjer likevel å setje fokus på ein del tilhøve ved overgangsordningane for den nye skattemodellen:.
– Reiarlag som har vore lojale mot den norske ordninga og hatt sine skip i Noreg, kjem dårlegare ut enn dei som valde å flytte ut då noverande ordning blei oppretta i 1996. Desse reiarlaga må no etterbetala skatt for 11 år. Dette var ikkje føresetnaden i 1996 og heller ikkje i Rederiskatteutvalet si utgreiing.
– I Hordaland og Bergen slår dette sterkare ut enn andre stader i landet pga mange reiarlag med hovudkontor her. Ei forsiktig vurdering tyder på at reiarlag i vår region må etterbetale om lag 6 milliardar kroner i skatt. Vi synes det er uheldig.
– Ein del av reiarlaga må betala monaleg meir enn om dei hadde betalt vanleg selskapsskatt. Dette kan ikkje vere meininga med overgangsordningane.
– I Hordaland er det nær på 20 000 tilsette i den maritime klynga. Ei sterk reiarnæring er viktig for ei vidare utvikling i klynga. Dersom reiarane mister moglegheiter til nybygging og utvikling, vil verft og maritim leverandørindustri bli ramma. Dette vil på sikt svekka heile den maritime klynga.
– Regjeringa har opna for at 1/3 av den såkalla skattekreditten kan nyttast til miljøtiltak. Vi støttar at det blir sett av midlar til miljø, og ber regjeringa vurdera om ein langt større del, gjerne 100 %, kan nyttast til miljøtiltak. Det vil vera eit klart signal om at miljø er prioritert og kan medvirke til at Noreg blir best i verda på miljøtiltak innan maritim næring. Det igjen vil gje nye og interessante utviklingsoppgåver for lokale verft og leverandørindustri i åra som kjem.
Den maritime næringa konkurrerer over heile verda. Derfor er det viktig med stabile, forutsigbare og langsiktige rammevilkår på line med konkurrentar i andre land. Vi registrerer at dei føreslåtte overgangsordningane svekkar tilliten og trua på styresmaktene og vilje til å satsa på maritim næring om dette vert ståande uendra. Vi ber difor om at overgangsordningane blir endra slik at dei ikkje får utilsikta negative effektar for heile den maritime sektoren i Noreg.»