Omdisponerer til kollektivtrafikken i 2008

For å finansiera kollektivtrafikken i 2008 føreslår fylkesrådmannen at avsetjinga til Hardangerbrua vert sett ned frå 70 mill. kr til 35,6 mill. kr og at 10 mill. kr i avsetjing til Jondalstunnelen går ut. Dette går fram av det reviderte budsjettgrunnlag

I det reviderte budsjettgrunnlaget er det innarbeidd justeringar i samsvar med nye opplysningar i statsbudsjettet, og gjort nokre andre endringar.
 På investeringsbudsjettet vert det for åra 2008-10 ført opp 100 mill. kr meir til Nordahl Grieg videregående skole (+ 75 mill. kr) og Knarvik vidaregåande skule (+ 25 mill. kr). Nordahl Grieg vgs vert ferdig i 2010, eitt år seinare enn føresett.

Lenkjer
Til reviderte budsjettgrunnlag (pdf-fil)

Til budsjettdokumenta 2008

Samferdsel
Det mest skuffande med regjeringa sitt opplegg for kollektivsektoren i 2008 er etter fylkesrådmannen sitt syn at dei såkalla belønningsmidlane til storbyområde er på årets nivå, samstundes om fleire område skal konkurrera om midlane.
 Når det viser seg at ein ikkje får noko ekstra tilskot til kollektivtrafikken frå staten, hadde fylkesrådmannen i alle høve rekna med meir belønningsmidlar enn dei 35 mill. kr som ligg i budsjettgrunnlaget frå oktober. No kan det visa seg at også denne summen er for optimistisk.

Takstane
Fylkesrådmannen står fast på at ordninga med ein takst i heile Bergen kommune skal halda fram, og at det skal gjennomførast ei harmonisering av takststrukturen slik at reisande til/frå Bergen får takstreduksjon tilsvarande ei sone.

Kostnaden med taktsharmoniseringa er framleis vanskeleg å fastslå nøyaktig. Ny gjennomgang tyder på at den kan setjast litt ned. På den andre sida fører auka løns- og prisvekst til at ruteselskapa har krav på større kompensasjon. Ut frå desse to tilhøva vert budsjettet til kollektivtransport redusert med 3 mill. kr i høve til det som låg til grunn i budsjettgrunnlaget.

Bybane
På investeringsbudsjettet er det plussa på 3,1 mill. kr til tilrettelegging for bybana i Bergen i samband med kjøp av vogner.
 Til drift av Begen-Os bompengeselskap AS er det ført opp 500 000 kr.

Lønsavsetjingar
Lønsavsetjingane vert auka med 9,3 mill. kr i samband med at statsbudsjettet reknar med 5,0 % lønsvekst, ein halv prosent høgare enn fylkeskommunen hadde lagt til grunn.

Opplæring
Det er innarbeidd 1,6 mill. kr i 2008 til mellombels lokale ved Bergen katedralskole.
 Til drift av Senter for yrkesrettleiing i Hordaland er det ført opp 1,08 mill. kr.
 I samband med at regjeringa føreslår å utvida den lovfesta retten til vidaregåande opplæring for vaksne, vert budsjettet for vaksenopplæring auka med 2,05 mill. kr.
 Løyvinga til gratis læremidlar vert sett til 22 mill. kr for 2008, som er 5,8 mill. kr lågare enn i år. Reduksjonen heng saman med at det er færre elevar på Vg3, som skal få gratis læremiddel neste år, enn i Vg2 som ordninga galdt for i år.

Tannhelse
Budsjettet til tannhelse vert auka med 685 000 kr for å tilby tannbehandling til rusavhengige som er under legemiddelassistert rehabilitering – LAR.

Regional utvikling
Det går fram av statsbudsjettet at Hordaland vil få 68,85 mill. kr i statstilskot for 2008. Dette er 7,5 mill. kr høgare enn i 2007. Fylkesrådmannen foreslår i tråd med dette å auka inntekts- og utgiftssida i fylkesbudsjettet med 7,5 mill. kr.

Kultur
Fylkeskommunen si løyving til Festspillene i Bergen, Hordaland Teater og Carte Blanche vert til saman auka med 585 000 kr for å vera i samsvar med avtalar og statstilskot. Festpillene får 3 442 000 kr, Carthe Blanche 3 804 000 kr og Hordaland Teater 3 337 000 kr.

Løyvinga til Kystsogevekene vert auka med 150 000 kr til 1 087 000 i samsvar med inngått avtale.
 Løyvinga til musea vert auka med 100 000 kr på grunn av at venta lønsvekst er auka med 0,5 %.

Hardangerbrua får sitt
Fylkestinget har vedteke at 70% av konsesjonskraftinntektene skal gå til Hardangerbrua. For 2008 er det budsjettert med 100 mill. kr i konsesjonskraftinntekter, noko som gjev 70 mill. kr til brua. Etter avtale skal fylkeskommunen kvart år til og med 2012 overføra 35,6 mill. kr til Hardangerbrua AS.
 I budsjettgrunnlaget var det lagt opp til å setja av 34,4 mill. kr av venta inntekt i 2008 på fond til Hardangerbrua. I det reviderte grunnlaget føreslår fylkesrådmannen å nytta desse midlane til kollektivtrafikken. Denne omdisponeringa får ikkje konsekvensar for utbetalinga til Hardangerbrua.
 I samsvar med vedtaket frå fylkestinget i mars 2007, vil Hardangerbrua AS få overført avtalt sum i perioden fram til 2012. Opplegget med fondsavsetjing som ein har lagt til grunn fram til no, ville føra til at ein alt i 2010 ville ha avsett tilstrekkeleg med midlar til Hardangerbrua. Denne fondsoppbygginga vil med opplegget fylkesrådmannen no foreslår, ta lengre tid.

Låner til Jondalstunnelen
Dei 10 mill. kr i konsesjonskraftinntekter som skulle setjast av på fond til finansiering av Jondalstunnelen, er strokne og vert erstatta med tilsvarande lån.
 
Skatt og rammetilskot
Samla skatt og rammeoverføringar til Hordaland fylkeskommune vert auka med 12,1 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget og vert i alt på 3 360,7 mill. kr.
 I statsbudsjettet er det rekna med 4,2 % i løns- og prisvekst frå 2007 til 2008, medan fylkeskommunen hadde lagt til grunn 3,5 %. Dette gjev inntektsauke på 23 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget. På andre sida får Hordaland trekk i inntektene grunna høgare tal elevar i statlege og private skular og høgare trekksatsar for slike plassar, i alt ca. 8 mill. kr.

Lenkjer
Til reviderte budsjettgrunnlag (pdf-fil)

Til budsjettdokumenta 2008

Stanley Hauge 01.11.2007 15:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart