- Ein utruleg kjekk dag for alle oss på skulen. Me kan no presentera for dykk ein flunkande ny og topp moderne teatersal, eit flott auditorium, eit nytt naturfagrom og ikkje minst sju nye grupperom som vi tidlegare ikkje har hatt.
Det er difor berre fantastisk at eigaren vår har satsa 14 millionar kroner på oss, sa ein takksam og ikkje minst stolt rektor Per Morten Nordbotn då han ynskte gjestene velkomen til opningsarrangementet fredag føremiddag.
Topp moderne
Fyllingsdalen vidaregåande skole er den einaste av Hordaland fylkeskommune sine skular med studietilbodet musikk, dans og drama som tilbyr drama som spesialitet, og dramalina har i ei årrekkje vore eit svært populært tilbod. Dramafaget har lenge hatt behov for ei oppgradering av lokala.
Eksamensoppgåva ”Robåt” stod til toppkarakter.
- Denne nye teatersalen har ei scene som stettar profesjonelle krav til sceneteknikk gjennom måten rommet kan delast opp på, svært avansert lyd- og ljosanlegg, og spesialgolv for dans og rørsleforming. Her vil vonleg Talias 160 søner og døtre ved Fyllingsdalen videregående skole få spele ut sine dramatiske talent gjennom enda betre framsyningar, helsa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i sin opningstale.

Drama og komikk
Etter snorklyppinga var scena klar for elevane. Dei starta med si tolking av trollscena frå J.R. Tolkien sin ”Hobbiten” og eit utdrag av Henrik Ibsen si ”Samfunnstøtter”.
Publikum sette stor pris på utdraget frå velkjende "Hobbiten".
3. klassingane framførde eksamensoppgåva i rørsleforming kalla ”Robåt”. Eit dansestykke elevane hadde fått 48 timar til å gjere klart, og dei stod til toppkarakteren 6. Noko publikum også synte å setje pris på.
Latteren sat laust under framføringa av 084, eit tysk samtidsdrama og ein stuntframføring av Ibsen-verk. Songtalenta fekk vi også oppleva. Først ved Henrik Skauge og Even Johannesen sin versjon av Simon & Garfunkel-klassikaren ”Sound of Silence”.

Etterpå inntok Hege Olsnes scena med ein flott versjon av balladen ”Starry, starry night”. Ein forrykande slutt med utdrag frå musikalen ”Grease” toppa det heile, der alle fem klassane var med på avslutningssongen.
"Bobby Watson" var gjennomgangstema i denne artige sketsjen.
- Stolt
- Me kan vel trygt seie at elevane i dag allereie har kvittert ut dei 14 millionar kronene, sa ein imponert opplæringdirektør Svein-Erik Fjeld.
Rektor Nordbotn overrekte heilt til slutt blomar til eigarane, fylkesordføraren og fylkesrådmann Paul M. Nilsen. Deretter tok han gjestene med på ei synfaring i dei ombygde lokala. Stolt kunne han syne fram store, lyse, og praktiske klasserom, eit nytt naturfagrom og sju nye grupperom.
"Grease" var avslutningsnummeret til dramaelevane ved Fyllingsdalen videregående skole.
- Tidlegare føregjekk elevsamtalar i korridorane og i kantina. Det var ikkje bra, understreka Nordbotn. Her har de vårt nye auditorium som me er svært stolt over. Her er 128 sitjeplassar, og me får inn fire klassar her. Ein heilt ny kvardag, fastslo rektor Per Morten Nordbotn.