Jostein Ryssevik I selskapet ideas2evidence presenterte kortversjonen av funna i rapporten.
Rapporten ”Lidenskap og levevei” syner nemleg at kulturnæringane sysselset 3.5 prosent (7 609 personer) og står for 3.1 prosent av verdiskapinga i Hordaland, og kan difor måle seg med viktige næringar som skipsbyggingsindustrien.
Nær 80 representantar frå kulturlivet, forskingsmiljø, offentlege aktørar og næringslivet sette kvarandre stemne i studentane si høgborg USF Sardinen. Vertskap var Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Hordaland og Bergen kommune. Dei har saman med ulike aktørar i kulturlivet fått utarbeidd prosjektet «Kartlegging av kulturnæringer i Hordaland». Bakgrunnen var å få eit betre kunnskapsgrunnlag om kulturnæringane sitt omfang, virkemåte og dei bidraga dei kan gi til den generelle næringsutviklinga i fylket.
Dei tre initiativtakarane fekk med seg representantar frå BRAK (Bergens Rockaktører), Bergen Media By, Vestnorsk Filmsenter og Kunsthøgskolen i Bergen i referansegruppa. Kartlegginga og analysane har vore leia og utført av selskapet ideas2evidence ved Jostein Ryssevik.

Frå kunnskap til handling
Etter eit stemningsfullt musikalskt anslag av Sgt. Petter ynskte fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen velkomen til lanseringa av rapporten ”Lidenskap og levevei”.
- Det er vårt ønskje at kunnskapen frå dette arbeidet skal bidra til å styrke vår rolle som offentlege verkemiddelaktørar, og vi ønskjer at det skal vere ein kort veg frå ny kunnskap til ny handling. Eit felles reidskap i denne samanheng er Regionalt Utviklingsprogram, som reviderast årleg og som har kulturnæringar som eit av innsatsområda.
Nilsen avrunda helsinga med sitatet:
”Kunst er det man ikke kan. Kunne man var det jo ingen kunst” av Storm P.
Lanseringa vart opna med eit stemningsfullt musikalskt anslag av Sgt. Petter.
Jostein Ryssevik presenterte kortversjonen av funna i rapporten. Kartlegginga gjev eit tidsbilete av volum og aktivitetar innan kulturnæringane, og korleis dei ulike kulturnæringsaktørane arbeider saman. Han presenterte sterke og svake sider, og kva moglegheiter og truslar næringane står føre.
Vinnar av kortfilmprisen Biff 07, ”Fordi jeg elsker”, av Gine Therese Grønner var eit flott innslag som til fulle synte kva filmtalent som finst i vår region. Ho var smålåten nok til å be om 50.000 kroner for kopiering slik at filmen kan synast på kino fleire stader i landet. Dette er eit tiltak ho ikkje utan vidare får støtte til frå det offentlege.
Deretter kom det innspel til kartlegginga frå referansegruppa. Dagleg leiar Frøydis Moberg i BRAK peika mellom anna på kor viktig det er med stabile rammevilkår, og der dei fryktar endringar i politiske prioriteringar.
Filmskapar Gine Therese Grønner.
Ho la vekt på at musikarar og støtteapparat må jobba saman med det offentlege og aktørane seg imellom for å få ein musikkbransje som kan stå på eigne bein. Det vart også peika på at nettverksorganisasjonane er svært viktige. Ei prioritering av den nye nettverksorganisasjonen Design Region Bergen er i denne samanheng viktig.
Høg temperatur
Paneldebatten fekk eit friskt anslag då byråd Henning Warloe tok fram storslegga og hamra laus på fylkeskommunale politikarar si manglande vilje til å satsa på kultur. Warloe meinte det var lite nytt eller ukjend for dei i rapporten, men det stadfesta berre det dei visste frå før. Han ville ha større forståing og auka løyvingar frå Hordaland fylkeskommune til kulturlivet. Bergen kommune må i altfor stor grad dra lasset åleine, var hans bodskap.
Fylkesvaraordførar Nilsen lot seg ikkje lokka utpå av partikollegaen frå Bergen kommune til ein duell om kven som bidreg mest og minst.
- Fylkeskommunen sitt kulturbudsjett nærmar seg 200 millionar kroner, og det er eit betydeleg bidrag. Vi har ulike roller og er to ulike forvaltningsnivå. Fylkeskommunen sine løyvingar til kulturlivet er i stor grad prosjektretta, og ikkje så mykje retta inn mot drift. Særleg gjennom Regionalt Utviklingsprogram bidreg fylkeskommunen til svært mange prosjekt både i Bergen og heile regionen, parerte Nilsen. Men la til at alle partar kan bidra meir.
Paneldebatten fekk høg temperatur då byråd Henning Warloe (t.v) utforda fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen om driftsløyvingar til kulturlivet.

Møteleiar Jone Engesvold, prosjektleiar og seniorrådgjevar ved Strategi- og næringsavdelinga, kunne oppsummera eit flott arrangement der alle var samde om at samarbeidet om og resultata i rapporten er eit viktig verkty i det framtidige arbeidet for å styrka kulturnæringane i Bergen og resten av Hordaland.
Stort frammøte og engasjementet frå salen.
BT: Kultur større enn verftsindustri
BT: Lager kultur i Vest for å bli annerledes (pdf.fil)
Pressemelding: Kulturnæringar kan måla seg med skipsbygging
Rapporten "Lidenskap og levevei" (pdf-fil.)
Opningstale ved fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (pdf.fil)
Her kan du laste ned kort- og fullversjon av rapportane