Gullet kom hem på fleirkulturell konferanse

Gullet kom hem, også til Ardian Gashi, som spela 12 kampar for Brann i vår, før han gjekk til Fredrikstad. Sportsleg leiar i Brann kom rett frå flyet frå Frankrike og overleverte gullet på den fleirkulturelle konferansen i Bergen.

Sportsleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hansen overrekte gullet og diplomet til Ardian Gashi.
Sportsleg leiar i Brann, Roald Bruun-Hansen overrekte gullet og diplomet til Ardian Gashi.

Ardian Gashi var ein av innleiarane på konferansen Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn. Der fortalte han kva fotballen har hatt å seie for han etter at han kom som flyktning saman med familien frå Kosova berre seks år gammal.

På fly frå Frankrike
Gashi spela 12 kampar for Brann i vår, før han reiste austover for å spele fotball for Fredrikstad. Sidan Gashi kom til Bergen, dukka også tanken opp om å overlevere gullet til han på konferansen. Men på Brann stadion var det ein roleg dag. Laget var på veg heim etter 1-1 i Frankrike og resten av folket på stadion var vekkreist på seminar.

Kom fram i tide
Men ikkje før hadde sportsleg leiar Roald Bruun-Hansen landa på Flesland, før han fekk melding om at han var ønskt på konferansen på Hotel Norge. Bruun-Hansen tok drosje til stadion, henta gullet og diplomet og nåla til Norges Fotballforbund og kom fram på konferansen nokre minutt før den var slutt.

Visste ingenting
Der sat Ardian Gashi på første rad og visste ingenting. Men han såg seg forundra rundt då media og fjernsynskamera i hopetal dukka opp, men gliset kom fram da han såg Bruun-Hansen entre scena.

Spontan ståande applaus
Publikum reiste seg i spontan ståande applaus då Bruun-Hansen overrekte gullet til Gashi. Ein flott og verdig slutt på den sjette fleirkulturelle konferansen i regi av Hordaland fylkeskommune og samarbeidspartnarar.

Etter overrekkinga var medieinteressa stor og Ardian Gashi vart mellom anna intervjua av fjernsynet.
Etter overrekkinga var medieinteressa stor og Ardian Gashi vart mellom anna intervjua av fjernsynet.

Meir om konferansen Vestlandet - eit fleirkulturelt samfunn

Bjarte Brask Eriksen 09.11.2007 16:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart