Gull til Gashi og Krystad

Gullguten Ardian Gashi og fargerike Anders Krystad, integreringsansvarleg i Fotballforbundet, spelte sakkunnig inn korleis idrett kan skape betre forståing og løyse på band som ikkje høyrer heime. For Gashi ble fotballen løysinga for heile familien då dei

Fargerike Anders Krystad (t.v.) og gullguten Ardian Gashi med prosjektleiar for integrering i Hordaland fylkeskommune, Liv Tvilde Laading.
Fargerike Anders Krystad (t.v.) og gullguten Ardian Gashi med prosjektleiar for integrering i Hordaland fylkeskommune, Liv Tvilde Laading. (foto: Bjarte Brask Eriksen).

– Far min var lærar i Kosovo og fekk sparken fordi han ikkje ville undervise i serbisk. Slik kom vi til Norge og ein framand kultur då eg var berre seks år gamal. Men far var veldig nysgjerrig på fotball, og han og mor mi fulgde meg rundt med fotballen. Slik knytta dei kontaktar i lokalsamfunnet til foreldre dei elles aldri ville blitt kjend med, sa Gashi, som hadde vore på Baune-trening og fått seg ny drakt.

Tryggleik
– Korleis taklar ungdomen i dag det å finne feste i eit nytt land? vart det spurt frå salen.
– Då gjeld det å ha med seg tryggleik frå far og mor og å vere open. Det gjeld å ha det gøy saman, sa Gashi, som syntest norsk fotball var velsigna lite prega av rasistiske haldningar.
– Men alle er ikkje like god som du til å spele. Det er berre ein av tusen som blir like god, sa Anders Krystad og drog forsamlinga inn i ein tett dialog om korleis det er å møte det norske samfunnet.
– Ofte er språket den siste fliken dei har att frå heimlandet. Det må vi ikkje gløyme når vi fortel kor viktig det er å snakke norsk. Hugs kor stolte vi er av nordmenn i USA som har klart å ta vare på bitar av språket sitt. Vi må akseptere folk slik dei er. Å tvinge fram ein nordmann, blir berre feil. Vi må lære kodene av kvarandre, sa Krystad,
 
Det putrande hatet
Fotballforbundet er høgt på bana i integreringsarbeidet, for det putrande hatet finst, og det kan bli sleppt laus.
– Vi må integrere, ikkje assimilere, og vi må ynskje det fleirspråklege velkomen. I Fotballforbundet arbeider vi for å lage mal på flest mogeleg språk. Det er ikkje alle verdsspråk som til dømes har ”leggskinn” i ordlista, sa Krystad og var ikkje nøgd med det vaksendrivne organisasjonsarbeidet.
– Det speglar ikkje mangfaldet vi ynskjer, men det gjer heldigvis det ungdomsdrivne arbeidet. Det gjer oss voner om ei betre framtid i det norske samfunnet. Neste generasjon skal ikkje ha noko skilje mellom ”dei og oss”, slo Krystad fast.
Og når framtida kjem, spelar også muslimske jenter fotball. I alle fall svarar 37 prosent at det vil dei gjerne.

Tormod Valaker 09.11.2007 15:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart