Fylkesbudsjettet 2008: Litt ekstra til opplæring, omfordeling innan kultur

1,25 mill.kr ekstra til opplæring, omfordeling av 3,43 mill. kr innan kultur, 1,45 mill. kr i startløyving til nybygg for Osterøy vidaregåande skule, 300 000 kr til ny informasjonsstrategi og profilprogram for fylkeskommunen og generell innsparing på 1,5

Forslaget som er tilrådd, er eit fellesforslag frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti. Forslaget fekk støtte frå dei åtte representantane til desse partia. Ap, SV og Sp fremja eit felles forslag til budsjettet, eit forslag som fekk røystene til dei 6 representantane for desse parti. Venstre fremja eige forslag som fekk ei røyst (V).Fylkestinget skal gjera budsjettvedtak på møte 11.-12. desember.

Forslaget til budsjett frå Høgre, Kristeleg Folkepart og Fremskrittspartiet som pdf

Tilrådde endringar:
Opplæring

Innan opplæring vert budsjettet plussa på med 1,0 mill. kr til prosjekta sommarskule og lekehjelp. 250 000 kr er ført opp for å utvikla samarbeidsmodellar med kommunar om skulehelsetenesta. Forsøksprosjekt med 1-2 større kommunar vil vera aktuelt.

Til nybygg for Osterøy vidaregåande skule vert det løyvd 1,45 mill. kr for å forsera fram att prosjektet slik at det kan stå ferdig når leigeavtalen for noverande lokale går ut.

Kultur
Kulturbudsjettet får uendra ramme i høve til fylkesrådmannen sitt forslag, men det vert føreslege omfordeling av i alt 3,43 mill. kr.

Postar på kulturbudsjettet som vert kutta: 1,85 mill. kr mindre til stillingar ved kultur- og idrettsavdelinga, 430 000 kr i innsparing ved at bokbåten vert avslutta når noverande kontrakt går ut 31.8.2008, tilskot på 650 000 kr til Stord maritime museum vert utsett eitt år, løyvinga til musea vert redusert med 500 000 kr ved at priskompensasjonen vert sett ned.

Postar som får auke: Løyvinga til BRAK aukar med 250 000 kr til 311 000 kr, tilskot til Livsglede for eldre (ny) 300 000 kr, Hordaland idrettskrets pluss 300 000 kr (samla 2,71 mill. kr), Vestnorsk jazzsenter pluss 100 000 kr (i alt 983 000 kr), Vestnorsk filmsenter pluss 400 000 kr (til 921 000 kr), Bergen kunsthall (drift og Ekkofestiavalen) pluss 200 000 kr (i alt 360 000 kr), friluftsliv pluss 200 000 kr (i alt 2,46 mill. kr). Posten for seinare fordeling av kultur- og ressursutvalet vert auka med 1,68 mill. kr.

Andre sektorar
Det er tilrådd ei innsparing på 1,5 mill. kr i fylkesadministrasjonen. Til ny informasjonsstrategi og nytt profilprogram for fylkeskommunen  er det føreslege 300 000 kr.
 Innan regional utvikling skal 1,5 mill.kr i tilskot til VRI-prosjektet dekkast av posten til regionale utviklingsmidlar og ikkje over eigen budsjettpost.

Verbalforslag
H, Frp og Krf fremja desse verbalforslaga som er tilrådde:

Fylkestinget ber om at det vert fremja sak til opplærings- og helseutvalet med sikte på å etablera eit tilbod  etter "Vibemyr-modellen" for ungdom som fell utanfor.  

Fylkestinget ber om at der vert fremja sak for fylkesutvalet våren 2008 om konkurranseutsetting av reinhald.  

Fylkestinget føreset at etter innføring av einskapstakst, reduksjon av pris til omlandskommunar, og takstreduksjon frå 2007, følgjer prisane for kollektivreiser ei prisutvikling meir lik pris- og lønnsveksten elles f.o.m. 2009.  

Fylkestinget ber om at det vert lagt fram sak om evaluering og strategi for det internasjonale arbeidet.  

Fylkestinget ber om at der vert fremja eiga sak om tilstanden for undervisninga i dei vidaregåande skulene våren 2008.

Fylkestinget ber om at det blir lagt fram sak for opplærings- og helseutvalet med kartlegging av rusvanar blant ungdom i vidaregåande skular.

Oppstart Osterøy vgs blir flytta fram til 2008 slik at skulen kan stå ferdig ved utløp av leigekontrakt i noverande bygg.

Det vert etablert eit prosjekt for å kartleggja  helsetilbodet for elevar i den vidaregåande skulen, samt å utvikla ulike samarbeidsmodellar med primærkommunane for å styrkja tilbodet. Prosjektet bør ha som målsetjing å initiere konkrete forsøksprosjekt i enkeltkommunar.

Fellesforslag Ap, SV og Sp
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet sette fram eit felles forslag til budsjettet. Forslaget fekk dei seks røystene til representantane for dei same partia.

Ap, SV, Sp føreslår 14,25 mill. kr meir til opplæring, 1,9 mill. kr meir til kultur, 3,35 mill. kr meir til samferdsel pluss omfordeling av ein del midlar innan samferdsel og regional utvikling.

Innan samferdsel vil Ap, SV, Sp kutta 4 mill. kr i tilskotet til bilruter og 650 000 kr i løyvinga til Skyss. Påplussingar er føreslege ved 2 mill. kr meir til fylkesvegvedlikehald, 2 mill. kr meir til skuleskyss, 2 mill. kr meir til ferjedrifta, 1 mill. kr meir til snøggbåtruter, 0,5 mill. kr til transport for funksjonshemma og 0,5 mill. kr meir til Trygt heim-prosjektet.

Innan kultur vil Ap, SV, Sp ha 1 mill. kr meir til kulturkort for ungdom opp til 25 år, 650 000 kr til bibliotekplanen og 250 000 kr til andre kulturføremål.

Innan regional utvikling vil Ap, SV, Sp kutta løyving på 5 mill.kr til Business Region Bergen. Dei vil auka løyvinga til Fjord Norge med 500 000 kr, 1 mill. kr meir til lokale miljøtiltak og 4 mill. kr til styrkja miljøfagleg kompetanse i fylkeskommunen, klimaplan-tiltak og auka løyving til regionale og kommunale  næringsfond.

Ap, SV, Sp vil nytta 0,5 mill. kr meir til personal- og seniorpolitiske tiltak og rekrutteringstiltak.

På investeringsbudsjettet vil Ap, SV, Sp at skulebygg for Kvinnherad, Osterøy og Austevoll vidaregåande skule skal byggjast etter vedteken plan.

For å finansiera dei auka løyvingane, vil Ap, SV, Sp plussa på skatteinntektene med 10 mill. kr, auka momskompensasjon på 6 mill. kr og redusera lønsavsetjingane med 4 mill. kr-

Ap, SV, Sp hadde også ei rekkje verbalforslag, sjå vedlegg med forslaget frå desse partia.

Forslaget til Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet og Senterpartiet i rikt tekstformat

Venstre-forslag
Harald Hove (V) fremja ikkje forslag til konkrete endringar i høve til fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag. Forslaget hans seier mellom anna:

«Dersom fylkestinget finn rom for å bruka meir midlar enn dei som er foreslått av fylkesrådmannen må desse i første rekkje tilførast:

1. Skulebudsjettet i form av auka midlar til lærartimar og til oppfylling av bibliotekplanen.
2. Samferdselsbudsjettet i form av avsetjing til investeringar i tiltak for å betra framkomsttilhøva for bussane.
3. Kulturbudsjettet til auka midlar til musea.

Sjå elles budsjettforslaget frå Venstre

Les pressemeldinga med tilrådinga frå fylkesutvalet i rikt tekstformat

Forslaget til budsjett frå Høgre, Kristeleg Folkepart og Fremskrittspartiet som pdf

Forslaget til Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet og Senterpartiet i rikt tekstformat

Forslaget til Venstre i rikt tekstformat

Stanley Hauge 21.11.2007 11:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart