Førebels nei til nye drosjeløyve til Norgestaxi Bergen

Samferdselsutvalet i Hordaland vil ikkje i denne omgangen gje nye drosjeløyve til Noregstaxi Bergen. Norgestaxi har søkt om 100 nye ordinære løyve, men utvalet vil vente med handsaming av søknaden til ei evaluering av drosjesituasjonen i Bergensområdet er

Vedtaket er samrøystes, men Georg Indrevik (FrP) fremja forslag om at Noregstaxi Bergen skulle få 50 nye miljødrosjeløyve no, mens resten av søknaden skulle handsamast etter at evalueringa er gjennomført. Dette fekk dei tre røystene til FRP og fall.

Evaluering
I sommar vedtok samferdselsutvalet å evaluere drosjesituasjonen i Bergensområdet etter at Taxi 1 søkte og fekk godkjent 30 nye løve. Evalueringa starta i september, og rapporten om evalueringa skal vere ferdig innan 20. desember i år. Evalueringa skal danne grunnlaget for framtidig regulering av tal drosjeløyve i Bergensområdet. Samferdselsutvalet skal behandle saka 6. februar neste år.

Pasienttransport
Norgestaxi Bergen grunngjev søknaden om 100 nye drosjeløyve mellom anna med at Helse Bergen har lyst ut alle pasienttransport i Bergensområder på anbod med frist 1. november i år. Norgestaxi hevdar dei må få auka løyvekapasitet for å kunne hevde seg i konkurransen. Det største drosjeselskapet i Bergen, Bergen Taxi, går i mot at det skal opprettast nye drosjeløyve i Bergen.

Bjarte Brask Eriksen 19.11.2007 13:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart