
Den norsk-kurdiske regissøren Hisham Zaman (t.v.) viste to sterke filmar på konferansen i Bergen. Hadia Tajik er politisk rådgjevar for arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen og Liv Tvilde Laading er primus motor bak den fleirkulturelle konferansen. foto Bjarte Brask Eriksen.
Det var sterkt for Hisham Zaman å sjå ut over publikum etter at han hadde vist kortfilmen ”Bawke” (pappa). Publikum gråt og måtte tørke tårene som trilla.
– Græt du? spurde regissøren ein som sat på første benk, og Zaman svarte at han sjølv græt når han ser den sterke filmen. Og bakover i salen var det mange som tørka vekk tårene.
– Eg vil aldri lage ein liknande film. ”Bawke” handlar om ein reise, ein tragedie og et håp, sa regissøren.
Vanskeleg val
Dei to hovudpersonane i kortfilmen er to kurdarar, far og son, som har flykta frå Nord-Irak. Dei har kome til Tyskland utan papir, der filmhandlinga startar og skal flykte vidare gøymt under eit vogntog. Dei kjem til Noreg. Dei kjem bort frå kvarandre. Faren endar opp på politihuset, men vil bli sendt ut av landet. Han får ikkje opphaldsløyve. Sonen kjem og til politihuset og ser faren på veg inn i ein politibil. Han løpar bort, dundrar på ruta og ropar ”pappa, pappa”. Politibetjentane spør faren om han kjenner guten, men faren ristar på hovudet og svarar nei. Dermed køyrer bilen bort. Faren veit at ein einsleg gut får bli i Noreg, må ta eit val, og blir vitne til at den gråtande og ropande guten løpar etter bilen til den er ute av syne.
Pressa i eit hjørne
– Eg kan forstå at faren gjer dette. Du blir pressa inn i eit hjørne der du ikkje har noko anna val. Eg trur at norske fedre under den andre verdskrigen ville gjort det same med sine barn, seier Hisham Zaman.
Historia i filmen skjer diverre i Noreg i dag. Zaman fortel at året før han lagde kortfilmen, kom det 20 barn til Noreg som var forlatt av foreldra sine.
Sjølv kom Zaman med familien til Noreg som 17-åring, kurdarar som hadde flykta frå krigen i Nord-Irak. Han er utdanna ved filmskulen på Lillehammer og kortfilmen ”Bawke” er den første han laga etter at var ferdig utdanna i 2004. Den er vist på over 100 festivalar verda rundt og har fått mange prisar, mellom anna Amanda-prisen for beste kortfilm.
Vinterland
I sterk kontrast til ”Bawke” viste Zaman også klipp frå sin siste film ”Vinterland”, ein heilaftens kinofilm som hadde premiere tidlegare i år. Den handlar om kurdar busett i Nord-Noreg som hentar brud frå heimlandet. Det er ein komedie og filmklippa fekk fram latteren i salen.
Rundt 200 deltakarar er med på konferansen Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn på Hotel Norge 8. og 9. november. Tema er ”Ungdom meistrar, dialog og samspel i eit inkluderande samfunn”. Dette er sjette gongen Hordaland fylkeskommune og samarbeidspartnarar skipar til konferanse om det fleirkulturelle samfunnet.

Rabie Sedki (t.v., frå Marokko) og Armin Amookhteh frå Iran underheldt med musikk frå sine heimland.
Meir om konferansen