Fargerik musikkreise til Guatemala

Fylkesmusikarane Reidun Horvei, Frank Henrik Rolland og Einar Mjølsnes deltok i venskapsprosjektet Stord-Comalapa sitt musikkutvekslingsprogram 29. september til 14. oktober i år. Kvedaren Reidun Horvei er full av inntrykk og lovord om både reisa, innhald

- Det var fantastisk mykje flott å sjå. Alle dei fargerike tekstilane, alle dei uvande lydane og luktene. Eit hav av inntrykk, sprudlar fylkeskvedar Reidun Horvei etter to veker i hjarta av mayakulturen.

Ho synest det var flott å få høve til å arbeide med det guatemalanske folk på det musikalske plan, å få koma på innsida. Det er ikkje mogleg som turist, slår Reidun fast.

Horvei har tidlegare vitja Mexico og Costa Rica. 

- Utruleg å oppleva byane i Mellom-Amerika. Eit fullkome kaos med eksos, asfalt og leidningar. Inni alt dette stygge finn ein så fantastisk mykje vakkert. Kontrastane kan ta pusten frå ein. Til dømes då me køyrde ut av hovudstaden Guatemala City og til Sololá fekk me heile kulturen rett i andletet, fortel ho.

Fylkeskvedar Reidun Horvei tok med seg varme og fargerike minner frå Guatemala. (Foto: Simon Sortland)

Møte med marimbaen
- Det har alltid vore viktig for oss som formidlarar av vår eigen folkelege kulturskatt å setja seg inn i korleis andre musikkulturar verkar og kva spelereglar som fins.

- Røynslene våre frå denne turen er fyrst og fremst ei glede over å nå fram med bodskapen vår i musikalsk og pedagogisk samanheng, og ei forståing av Guatemalas nasjonalinstrument marimbaen og andre musikalske uttrykk som vart presentert for oss, skriv fylkesmusikarane Reidun Horvei, Frank Henrik Rolland og Einar Mjølsnes i sin rapport etter turen.

Nasjonalinstrumentet i Guatemala er eit stort, xylofonliknande instrument med treplankar på ei rett line med bein. Det har ein djup og varm tone med noko skurr i lyden. Marimba vert dette instrumentet kalla og guatemalarane elskar musikken som her vert henta fram.

- Me vil gje Stord Kommune med Åge Vallestad og Torger Tvedten ein stor takk for at akkurat Fylkesmusikarane i Hordaland vart valt ut i år saman med dei to musikarane og pedagogane frå Stord: Solveig Husebø, fiolin og Omar Zahl Pettersen, klaver.

Omar Zahl Pettersen frå Stord kulturskule syner fram Noreg sitt nasjonalinstrument hardingfela til guatemalanske musikarar på ein skule utanfor Sololá. (Foto: Reidun Horvei)

Pianisten, saxofonisten og klarinettisten Ragnhild Opedal Tveitt møtte me i Antigua. Ho tok del i seminaret me hadde for musikklærarar frå programmet: ”PENTAGRAMA”. Ragnhild og familien hennar skal vera i Comalapa som utsending av Fredskorpsutvekslinga frå Stord i 10 månadar, skriv dei vidare.

Tida kjem til deg
Fylkesmusikarane byrja arbeidet sitt med den første veka med eit tre dagars seminar på ein musikkskule for lærarar: Escuela Alfredo Colom. Dei hadde tre ulike grupper. Alle elevane hadde med seg instrumenta sine som var song, blokkfløyte, gitar og marimba. Etter nokre dagar kom Stord-delegasjonen attende til Guatemala City og dei trefte einannan på Nasjonalpalasset.

- Her fekk me ein lukka konsert med det nasjonale marimbaorkesteret på 11 menn i svart dress og tversoversløyfe. Leiaren, Lester Homero Gòdinez, gav ei framifrå historisk oversikt over instrumentet og dei framførde både musikk frå Guatemala og Noreg (Anitras Dans av Edvard Grieg). Dette var ei stor oppleving. Frank Henrik Rolland kvitterte med ein hardingfeleslått, noko som vart teke vel i mot.

- Utruleg fascinerande med tidsforskjellen og måten dei ser på tid. Me spring etter tida og har så mykje uro i oss. I Guatemala kjem tida til deg, det var flott å kjenne på. Ein konsert satt opp klokka sju byrja kanskje ikkje før klokka åtte, fortel ei begeistra Horvei.

Mayakvinne på marknaden i Sololá. (Foto: Reidun Horvei)


Jobbar for gjenvisitt

- Me hadde eit hardt program med lite fritid. På universitetet Universidad del Valle heldt me små og større konsertar. Målet var å gje noko av vår kultur til dei, men me fekk så utruleg mykje att.

Musikalsk forbrødring i Guatemala. Bak frå venstre: Zoila Rodriguez, Einar Mjølsnes, Omar Zahl Pettersen, Frank Henrik Rolland, Solveig Husebø og Reidun Horvei. Framme frå venstre: Elsa son Chonay, Åge Vallestad, Torger Magne Tvedten og Carmen Gularte. (Foto: Privat).

Fylkesmusikarane meiner det hadde vore flott å arbeida for at Stord/Hordaland kunne få vitjinga av guatemalanske marimbainstrumentalistar (til dømes: tre frå mayabyen Comalapa og tre frå det meir akademiske miljøet i Guatemala City) for ein liten skulekonsertturné saman med Omar Zahl Pettersen, Solveig Husebø og Fylkesmusikarane i regi av Fylkeskonsertane i Hordaland.

- Det er viktig og verdifullt òg for vår kultur, som den Den kulturelle skolesekken representerar, å få kjennskap til andre nasjonalinstrument enn hardingfela, skriv dei mellom anna i rapporten sin.

 

 

 

Kyrkja og den nye barneskulen i Comalapa, Stord sin venskapskommune. (Foto: Reidun Horvei)


Kveding gav latterkrampe

- Musikkprosjektet i venskapsarbeidet mellom Stord og Comalapa kombinerer pedagogikk og konsertar på ein glimrande måte. Åge Vallestad, Torger Tvedten og Tove Linge har lagt ned eit fantastisk arbeid. Me er svært glade for å bli valde ut til å delta i deira opplegg. Føler og at prosjektet har ein god tanke i seg med å byggje bru mellom by- og bygdeungdom i Guatemala. Det går rykte om dette arbeidet i Guatemala, eit arbeid det står stor respekt av, meiner Horvei.

 

Fylkesmusikarane Einar Mjølsnes og Reidun Horvei under konserten i Comalapa. (Foto: Åge Vallestad).

Comalapa, venskapskommunen til Stord, vart også ei sterk oppleving, fortel Horvei. Dei hadde site i bilen heile dagen og fekk berre ein halvtime til å skifte før konserten byrja. Alle mayaindianarane sat klare og venta spent, men først var det veldig langdryge introduksjonar. Med på konserten var både eit barnemarimbaorkester og eit barnekor på 30-40 stykker.

- Då eg byrja synga nærast kreperte indianarane i latterkrampe, dette var så uvant for dei. Reaksjonen var like uvant for meg, og det å mista kontrollen på denne måten var for meg ei fantastisk oppleving, avrundar fylkeskvedaren Reidun Horvei.


FAKTA ”Venskap Stord-Comalapa”:

Ein friviljug organisasjon som har drive venskapsarbeid med Comalapa i Guatemala på eige hand, og har engasjert grupper i samfunnet på Stord som skular, helse, kyrkje og bibliotek sidan 1996. Musikkprosjektet har utvikla seg til å omfatta musikkmiljø i Guatemala City, i fyrste rekkje ved Universidad del Valle og ein organisasjon kalla Fundaciòn Mùsica y Juventud. Samarbeidet har etterkvart utvikla seg til òg å omfatta fredskorpsutveksling, første gong i 2003.

Hola, helsar denne vetle karen i Comalapa, Stord sin venskapskommune. (Foto: Reidun Horvei)

 

Guatemala-rapport Fylkesmusikarane i Hordaland.pdf

 

Simon Sortland 15.11.2007 08:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart