Fire fantastiske unge kenyanske utøvarar i samarbeid og samspel med ein eminent hordalandsgitarist er ramma for Msafiri i regi av Fylkeskonsertane Hordaland.
Eit program med alvor og humor formidla gjennom heftige rytmar, dans, song og spel. Ein førehandsomtale som absolutt innfrir.
Musikalsk fyrverkeri frå Kenya i Kyrkjekrinsen skole under Fylkeskonsertane Hordaland si oppsetjing Msafiri. Frå venstre: Iddi, Kanda King, Amani og Ted.
Å reise
”Msafiri” på Kiswahili betyr ”ein som reiser”, og kjem av ordet safari som tyder å reise. Morten Færestrand er ein eminent gitarist med lang fartstid i Fylkeskonsertane Hordaland som sommaren 2006 var på safari i Kenya.
Han fekk nye vener og overtydde dei om at sjølv om ein kjem frå så ulike miljø som Noreg og Kenya, vil me med tålmod og vilje til å lytta til kvarandre kunne kryssa grensene som rase, religion, kjønn og geografisk distanse skaper.

Elevane i 8.-10 klasse var heilt med under Msafiri-konserten i gymsalen.
- Elevane deltok og koste seg, og eg trur denne konserten opna opp ei ny verd for dei, fortel Beatrice Achieng Odhiambo med artistnamnet Iddi. Me fekk vist at me har vår kultur, historie, musikk, og ikkje minst våre særeigne hårfrisyrar. Dette er viktig å lære bort, men desse møta er gode og nyttige for oss også, legg Iddi til.
Ho meiner dei eldre ungdomane er mest nyfikne på musikken, medan dei yngste høyrer betre etter under forteljingane.
Kanda King dansar fletta av dei fleste.
- Me visste ikkje så mykje om Afrika og deira kultur frå før, så det var kjekt å få høyra deira musikk og om deira liv, seier elev Victoria Espelid.
God kontakt
Perkusjonist og dansar Gilbert Onagachi Walikwe, eller Ted, utfordra Færestrand til musikalsk duell. Eit populært innslag blant elevane, som engasjerte seg stadig meir etter som dei også vart varmare i trøya.
Latteren sat laust i salen då slangemennesket Kanda King, eller Said Makdar Mahfudh, på svært humoristisk vis synte oss korleis ein kan bevega kroppen. Då han tjuvlånte eit Brannskjerf eksploderte salen i hyl, latter og stormande applaus.
Færestrand hadde lært sine kenyanske vener ein låt på norsk, Ravi sin populære ræpp ”Dødssøt”. Denne og ”Morgenstemning” av Edvard Grieg omgjort til afrikansk versjon ”Kenyan morning mood” framført av Amani slo svært godt an.

Duell Kenya-Norge – perkusjonist Ted mot gitarist Morten Færestrand.
- Dei var dødsflinke, synest Charlotte Flatemo.
- Dansinga til Kanda King imponerte mest, meinte Silje T. Johannesen. Me forventa ikkje særleg på førehand, men konserten var skikkeleg bra.
Med slike tilbakemeldingar er det kanskje å håpa at Iddi og kompani tek seg ein fjerde turné i Noreg.

To sider av same sak – lidenskap har eit namn.
Fakta Msafiri:
Morten Færestrand – gitar
Said Makdar Mahfudh – artistnamn Kanda King, dans og song
Beatrice Achieng Odhiambo – artistnamn Iddi, song og skodespel
Gilbert Onagachi Walikwe – Ted, trommer og dans
Cecilia Wairimu – artistnamn Amani, song og dans
Ide/opplegg: Utøvarane i samarbeid med produsenten Rhoda Ondeng Wilhelmsen
Turnéområde: Arna/Åsane, Laksevåg/Sentrum, Fana/Ytrebygda/Fyllingsdalen
Konsert: Gymsalen i Kyrkjekrinsen skule, klassesteg 8.-10.

Forbrødring etter konserten. Frå venstre: Vilde L. Engeseth, Aksel Færestrand, Kanda King, Ruben Haveland, Victoria Espelid, Silje T. Johannesen og Charlotte Flatemo.