Bursdag på Osterøy

Osterøy vidaregåande skule er blitt vaksen. 14. november feira dei dei første åra 20 åra.. – No ventar vi berre på at spaden kjem i jorda for nyeskulen, for skulen skal leve, og han lever godt, sa rektor Aud Søilen, tilsett 1.august i år, då skulen feira

Song og musikkglede i nykomponert gruppe. F.v.: Rakel Reigstad, Belinda Halvorsen og Ida Marie Åsheim.
Song og musikkglede i nykomponert gruppe. F.v.: Rakel Reigstad, Belinda Halvorsen og Ida Marie Åsheim.

Skulen på Lonevåg flytta for 15 år sidan inn i ei nedlagd møbelfabrikk. Før det heldt dei hus i sokkeletasjen i rådhuset og ei Moelven-brakke like attåt frå slutten av 1970-talet, som ein filial under Arna yrkesskule og rektor Martin Skjelbreid.

Skulen fekk 1. januar 1989 status som eigen kursregion med Svein Revheim som rektor. Hausten to år seinare tok Tor Reinholdt Tønder over. Nokre år etterpå ringde Jan Roald Myking og tilbaud ny skule i dei nedlagde lokala til Simon Lohne Møbelfabrikk i sentrum av Lonevåg.

Nærleiken til det lokale næringslivet og styre og stell på Osterøy, skin gjennom i heile skulehistoria og har fått avgjerande betydning for at skulen har lukkast. Arbeidet med modulutvikling for industrien er eitt av fleire døme på det.
– Bygginga av 2. etasje i det nybygget var ekte gründarmentalitet, slik det plar vere på Osterøy, skrytte Tønder. 13. mai 1991 starta bygginga, og 19.august var skulen ferdig. – Det var framifrå arbeidsinnsats som låg bak ferdiggjeringa, sier Tønder.
 
Gamlerektorane på pratebenken: f.v Martin Risøy, Tor Reinholdt Tønder og Trond Eikeland.
Gamlerektorane på pratebenken: f.v Martin Risøy, Tor Reinholdt Tønder og Trond Eikeland.

Då vatnet steig
For to år sidan, pussig nok på nett same dag som 20-årsfesten, kom 100-årsflaumen til Osterøy vidaregåande skule.
– Vatnet steig, og det steig, og det pipla fram overalt. På det høgaste stod det 33 centimeter over bakken, fortalte assisterande rektor Mike Bardsley. Han har stått spiss for eit velskrive hefte på 22 sider, "Kunnskap med lokal forankring", med breitt utsyn over skulen si historie.

Med i det høyrer også tidlegare rektor Trond Eikeland heime. I dag er han rektor på Os gymnas. 1.oktober 2002 var første dag på jobben som rektor på Osterøy. Han hadde ikkje ein gong rukke å kome seg over brua for første gong då han vart kalt til side på rektorkonferansen same dag.

– Der og då fekk ei melding om at skulen skulle leggjast ned. Det var underleg å ta den første telefonen ut til skulen med melding frå ein rektor dei enno ikkje hadde møtt om at skulen skulle leggjast ned, fortel Eikeland.
– Men då buldra alle batteria på Osterøy, og skulen fekk leve. Det fortente lokalsamfunnet. Lukke til med dei neste 50 åra, smilte Eikeland.
Elevane gledde dei frammøtte med song, skulen trakterte, og etterpå bar det i veg til Fjordslottet for litt ekstra påfyll.

Aud Søilen, nytilsett rektor på Osterøy vidaregåande skule.
Aud Søilen, nytilsett rektor på Osterøy vidaregåande skule.

Tekst og foto: Tormod Valaker 14.11.2007 15:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart