Frå skuleåret 2008/09 skal Vg3 i Kunnskapsløftet innførast. Alle dei noverande VKII-kursa vert dermed lagde om. Omlegginga fører til at det vert 184 Vg3-klassar med 4 288 elev plassar. Samanlikna med dette skuleåret vert det 4,5 færre klassar, men 157 fleire elevplassar.
På Vg1 og Vg2 vert det til saman 24 fleire klassar og om lag 325 nye elevplassar.
TAF-linje ved Austrheim vgs
Etter fellesforslag frå H, KrF og Frp, sett fram av Pål Kårbø, vedtok fylkesutvalet samrøystes at Austrheim vidaregåande skule får oppretta ein TAF-klasse (teknisk-allmennfag) skuleåret 2008-09.
Til komande skuleår vert det ikkje oppretta fleire nyeklassar i teknisk-allmennfag (TAF). Fleire skular har søkt om oppretting av TAF-klassar. Fylkesutvalet ber om at administrasjonen legg fram sak om TAF og dei ressursane slike tilbod vil krevja inkludert dei økonomiske konsekvensane.
Arbeidarpartiet føreslo at fylkesutvalet skulle vedtak at TAF-linjer som det er søkt om til komande skuleår skulle opprettast. Forslaget fekk su røyster (Ap, SV, V, Sp) og fall.
Klassejusteringar
Justeringa av klassetilbodet vart vedteke slik går fram av tabellane i vedlegget nedanfor, men med desse tillegga:
Det vert oppretta ein klasse Vg2 Båtbyggjar ved Askøy videregående skole slik som ved Norheimsund vidaregåande skule. Dersom det berre vert søkjargrunnlag til 1 klasse skal den lokaliserast i Norheimsund.
Det vert oppretta ein klasse Vg2 anleggsgartnar og driftsoperatør idrettsanlegg ved Stend vidaregåande skule slik som ved Hjeltnes gartnarskule. Dersom det berre vert søkjargrunnlag til 1 klasse skal den lokaliserast til Hjeltnes.
Oppretting av ein klasse teknisk-allmennfag (TAF) ved Austrheim vidaregåande skule.
Oversikt klassejusteringar (pdf-fil)