Representantar frå kommunar, regionale og offentlege etatar, næringslivsorganisasjonar med fleire er i dag samla i Bergen Kongressenter.
Får vi sterkare regionar?
Å erstatta dagens fylkeskommunar med sterkare regionar er eit av siktemåla i Regjeringa si varsla reform av offentleg forvaltning frå 1. januar 2010. Dagens møte er ein del av høyringa i samband med reforma. Selsvold Nyborg er møteleiar og held opningsinnlegget.
Per Rune Henriksen, Stortingsrepresentant Hordaland (Ap), spør om vi får vi sterke regionar i sitt innlegg der han tek for seg Stortinget si handsaming av St.meld nr. 12 (2006-07) -”Regionale fortrinn – Regional framtid”.
Kor bør grensene gå?
Tor Selstad, professor ved Høgskolen i Lillehammer, spør kor bør grensene gå og kva skal liggje til grunn for grenseinndelinga. Fylkeskommunane er bedne om å ta stilling til geografisk inndeling i to omganger. Først skal dei noverande fylkestinga ta stilling til saka i juni 2007, og deretter skal dei nye fylkestinga som blir valde hausten 2007, uttale seg i løpet av desember 2007. Stortinget skal våren 2008 ta endeleg stilling til geografisk inndeling av dei nye regionane.
Betyr det noko?
Olav Terje Bergo, redaktør i BA, feirar avisa sin 80-årsdag mellom anna ved å spørja om offentleg organisering og regionar har nokon betydning. Til å diskutera spørsmålet ny Vestlandsregion eller framleis Hordaland fylke vert eit samspel mellom panelet og møtedeltakarane under kyndig leiing av BT sin Per Jon Odeen. I panelet sit fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) frå Sogn og Fjordane, leiar for KS Hordaland Magne Rommetveit (Ap) og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF).
Som kjend er sistnemnde ein forkjempar for ein stor og slagkraftig Vestlandsregion, medan kollegane Bergsaker og Sandal er meir avventande. Dei ventar på Stortinget, som i løpet av april 2007 truleg vil ta stilling til kva for oppgåver dei nye regionane skal ha ansvar for. Hordaland fylkesting tek sikte på å handsame denne saka 12. og 13. juni.