
- No skal vi feira, jublar Monica Engeset, Sandra Sivertsen, Benedicte Hvide Sagvaag og Jennifer Einarsen i UB Senterguide. I mai deltek dei i NM for Ungdomsbedrifter.
- God ide og god inntjening, saman med at dette er samkjørte, stolte og gode representanter for si bedrift. Dette er noko av grunngjevinga, seier Inger Finne, overdomar som til daglig jobber i Sparebanken Vest.
- Kvaliteten på ungdomsbedriftene stig år for år. Dette skuldast nok mykje at lærarane vert stadig meir røynde og veit stadig meir om kva som skal gjerast. Og sjølvsagt er også ungdomane utruleg oppegåande, seier Finne og gratulerar jentene frå BHG.
Fem til NM
- Utrolig kjekt. Vi har vunne seks prisar her i dag og no skal vi feira, jublar Senterguide-jentene som også vert deltakarar under NM for Ungdomsbedrifter som arrangerast på Lillestrøm den 3.-5 mai i år. Vinnaren der går til EM. Jentene i Senterguide har sidan oppstart jobba hardt for sigeren. Idèen om å guide folk på kjøpesenter har slått an. Dei er hyra inn av Sartorsenteret på Sotra og jobbar fredag, laurdag, på kvelds- og sundagsopningar.
Dagleg leiar Øystein Ekren og UB Smaksdråpen frå kokkelina på Sotra vidaregåande skule skal også til NM.
Senterguide-jentene får med seg fire andre bedrifter frå Hordaland til NM. Stordafisken frå Fitjar vidaregåande skule, Festivalutrustning frå BHG, Smaksdråpen frå kokkelina på Sotra vidaregåande og Blomst 1 fra BHG.
Årets UB-skule
For første gong vart det delt ut pris til beste UB skule. Det var ein verdig vinnar når Bergens Handelsgymnasium (BHG) mottok prisen av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen under årets fylkesmesse i Grieghallen tysdag. I grunngjevinga for prisen heiter det at BHG har drive ungdomsbedrift over fleire år. Elevar og lærarar har utmerka seg gjennom kvalitet i ungdomsbedriftene og synt eit aktivt og positivt engasjement.
Det stadfestar også premielista frå dei 12 klassane det vart konkurrert i.
Beste logo
1 Reflektor UB Bergen handelsgymnasium
2 Miljøposen UB Bergen handelsgymnasium
3 Keep It UB Bergen handelsgymnasium
Beste brosjyre
1 Festivalutrustning UB Bergen handelsgymnasium
2 Senterguide UB Bergen handelsgymnasium
3 Teller Skritt Os vidaregåande skule
Beste nettstad
1 Keep It UB Bergen handelsgymnasium
2 Safety Pen UB Sandsli videregående skole
3 Stedio UB Bjørgvin videregående skole
Beste reklamefilm
1 My school products UB Bergen handelsgymnasium
2 Hygieniske drikkeflasker UB Bømlo vidareg. skule
3 Tørr & Trygg UB Åsane videregående skole
Beste forretningplan
1 Reflektor UB Bergen handelsgymnasium
2 Keep It UB Bergen handelsgymnasium
3 Blomst1 UB Bergen handelsgymnasium
Beste regnskap
1 Senterguide UB Bergen handelsgymnasium
2 Blomst1 UB Bergen handelsgymnasium
3 Easy Pack UB Bergen handelsgymnasium
Beste gastronomiske nisjeprodukt
1 Smaksdråpen UB Sotra vidaregåande skule
2 Saft & Coulis UB Fitjar vidaregåande skule
3 UB Mjød Fitjar vidaregåande skule
Størst verdiskapingspotensiale
1 Blomst1 UB Bergen handelsgymnasium
2 Boxer UB Bergen handelsgymnasium
3 Easy Solutions UB Bjørgvin videregående skole
Beste innovative produkt
1 Senterguide UB Bergen handelsgymnasium
2 Festivalutrustning UB Bergen handelsgymnasium
3 Easy Solutions UB Bjørgvin videregående skole
Beste utstilling
1 Miljøposen UB Bergen handelsgymnasium
2 Senterguide UB Bergen handelsgymnasium
3 Stordafisken UB Fitjar vidaregåande skule
Beste selger
1 Senterguide UB Bergen handelsgymnasium
Beste ungdomsbedrift
1 Senterguide UB Bergen handelsgymnasium
2 Stordafisken UB Fitjar vidaregåande skule
3 Festivalutrustning UB Bergen handelsgymnasium
Ungt Entreprenørskap Hordaland
Nettavisen