Tide Buss AS skal køyre bussrutene i Austevoll

Hordaland fylkeskommune har tildelt Tide Buss AS drifta av bussrutene i Austevoll frå 1. januar 2008 og fram til 31. desember 2012.

Dette er dei første bussrutene i Hordaland som blir drivne etter anbodsprinsippet. Fylkesrådmannen skal inngå kontrakt med Tide Buss om drift av bussrutene frå årsskiftet.

Tildelingskriterium
Fylkesrådmannen har vurdert anbydarane i høve til ei rekkje tildelingskriterium som var med i anbodsgrunnlaget som pris i anbodsperioden, kvalitetssikringssystem, miljøtilhøve og leveringspresisjon. Evalueringa av anboda har synt  at det er svært liten skilnad mellom dei to beste anbydarane.

Pris vesentleg
Pris har vore vesentleg for val av leverandør, men fylkesrådmannen  presiserer at det er lagt ei totalvurdering til grunn med omsyn til kva anbod som er det økonomisk mest fordelaktige for fylkeskommunen. Ved tildelinga av anbodet er anbydaren med lågast pris valt. Totalt kom det inn fire anbod. Av desse vart eitt anbod avvist.
 
Femårsperiode
Driftsperioden anboda gjeld for, er fem år frå 1. januar 2008  til utgangen av 2012.

29.03.2007 13:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart