Stor og viktig transportkonferanse

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen og byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen, understreka kor viktig eit samarbeid mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og vegstyresmaktene er for å få tiltaka i Transportanalysen for Bergensområdet med i Nasjonal Trans

Også regionvegsjef Ole Christian Torpp i Statens Vegvesen følgde opp dette under opninga av den store konferansen ”Transport i Bergensområdet”.

- Me må få alle med i eit samarbeid. Eg har store forventningar til at denne konferansen vert viktig som ein fellesarena for politikarar, næringsliv og fagfolk for å nå dei måla me set oss. Det understreka byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen (KrF), i sin opningstale på konferansen ”Transport i Bergensområdet” på Hotel Terminus sist fredag.

Høg temperatur blant paneldeltakarane som vart utfordra på temaet ”Viss det verkar, kva gjer me
– og vågar me?”. Frå venstre Jannicke Hilland, manager i Hydro, Os-ordførar Terje Søviknes (Frp), leiar Hilde Kalleklev i Naturvernforbundet i Hordaland, prosjektleiar Harald Schjelderup i Bergensscenarier 2020, komitéleiar for miljø og byutvikling Anne Gine Hestetun (Ap) og Alberte Ruud frå Urbanet Analyse AS.

Eksplosiv vekst
Rune Herdlevær frå plan- og miljøetaten i Bergen kommune tok for seg dei underliggande trendane vedrørande bilhald og befolkningsvekst. Hans oppsummering syner at det definerte Bergensområdet vil i perioden fram mot 2030 få ein befolkningsvekst som tilsvarar Kristiansand kommune. I same periode vil vi få ein vekst i bilhald på rundt 30%.

Dette vil gi både store helsemessige utfordringar, og i høve til å tilby eit forutsigbart transportsystem for byområdet sine innbyggjarar og næringsliv. Dei trafikale konsekvensane som må løysast vert trengsel, tilgjengelegheit og forutsigbarheit.

Bøygen vert verkemidlane
Os-ordførar Terje Søviknes slo fast at ein er samde om utfordringane i og rundt Bergensområdet. – Å samla oss om verkemidlane kan verte vanskelegare, då mange har motstridande prinsipper. Me må difor samla oss om å få løfta dei statlege løyvingane, for dei statlege ramene er håplause, understreka Søviknes.

Revygruppa Stigespillerne hadde fleire gode innslag knytt til trafikkavikling og kollektivtransport.

Byrådsleiar Monica Mæland understreka kor viktig det er å utvikla kolletivnettet for å få fleire til å reise kollektiv. – Det viktigaste er først å planlegge korleis me skal få kollektivnettet ut i bydelane og regionsentra. Om det vert buss eller bane får me ta i neste omgang.

Alberte Ruud frå Urbanet Analyse AS understreka at positive tiltak, til dømes takstreduksjonar, i seg sjølv ikkje er nok. For å styra utviklinga må ein få ein balansert bruk av positive verkemiddel og restriksjonar. Lokal marknadskunnskap er ei mangelvare, påpeika Ruud. Ho ser det som mest realistisk at bilen vert vinnaren, men at ein kan få ein auke i kollektivtransporten.

Heit potet
Prosjektleiar Harald Schjelderup i Bergensscenarier 2020 synte til rabalderet før ein i 1989 stengde Torgalmenningen for biltrafikk. Han utfordra alle til å syna eit liknande mot no og ta dei rette avgjerdene slik at ein når måla skissert i Transportanalysen for Bergensområdet.

Han fekk støtte av Ruud, som meinte politikarane må våga å ta upopulære avgjerder og håpa på at stemninga etterkvart snur. Eit viktig tiltak kan Skattevesenet gjera, å ta vekk fordelsbeskatninga på gratis kollektivreiser.

Leiar Hilde Kalleklev i Naturvernforbundet i Hordaland meinte kollektivsystemet i Bergen er under ein kvar kritikk. Betre informasjon, auka status og innføring av ein sonetakst meiner ho vil vere viktige tiltak for å betra kollektivtransporten. Likeså bompengar, som skal vere trafikkavvisande for bilistane.

Kamp mot klokka
Dei fleste kommunane meiner det er mest formålstenleg å sjå regionen samla og samordna prosjekta i høve til kvarandre.

Vegdirektør Olav Søfteland avrunda konferansen "Transport i Bergensområdet.

- Det krevst meir trøkk og handlekraft, og vi har inga tid å miste. Me er samde om utfordringane, eg er meir spent på gjennomføringsviljen, seier komitéleiar for miljø og byutvikling Anne Gine Hestetun (Ap).

Terje Søviknes (Frp) gjekk mot resten av panelet då han meinte det er viktig at prosjektene har lokal forankring. – Eg er ikkje sikker på at finansiell samordning er vegen å gå for å løyse våre trafikale problem, og trur me kjem lengre ved å køyre sakene kvar for oss. Me kan likevel få til ei koordinering av prosjekta, meiner Os-ordføraren.

- Legg vekk dei politiske føringane og syn handlekraft. Her trengst umiddelbare tiltak, særleg for Sandsli-Kokstad. Me er i ferd med å tapa kampen om den beste arbeidskrafta grunna den uhaldbare trafikale situasjonen, understreka Jannicke Hilland, manager i Hydro. Ho la til at planane måtte våga meir, mellom anna at Bybanen som eit minstekrav må gå til Flesland. Vidare å få Ringveg Vest heilt ut til Sotra.

Langt meir enn 37 milliardar
Etter paneldebatten presenterte rådgjevar John Martin Jacobsen frå samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune dei fem finalistane til ny godshamn for Bergen. Stortingsrepresentant Øyvind Halleraker (H) misjonerte for lyntog og Dag Aksnes frå Bergen Lufthavn forklarte kvifor ein må utvida lufthamna.

Transportanalysen består av vegplanar stipulert til 37 milliardar kroner. Heilt sentralt står ei sterk satsing på kollektivtrafikken. Bybanen skal utbyggast til Åsane, Loddefjord og Flesland, og supplerast med matebussar og store «park & ride»-anlegg.

– Å få til «park & ride» blir veldig viktig. I tillegg bør all ny bebyggelse skje langs bybanetraseen, meiner vegdirektør Olav Søfteland.

Han helte kaldt vatn i blodet på optimistane med sluttkommentaren: - All mi erfaring tilseier at sluttprisen ikkje vil bli 37 milliardar kroner. Det vert langt dyrare.

Fem til finalen om ny godshamn

BA: - Sier nei til samarbeid

BA: - Rushtidsavgift bare et tidsspørsmål

BT: - 29 milliarder kan løse alt

BT: Full pakke, takk

Simon Sortland 21.03.2007 08:07
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart