Dagleg leiar Stig Runar Moe i Easy Solutions UB sørgar for at du stoggar ved nettopp deira stand under fylkesmessa for ungdomsbedrifter 2007 i Grieghallen. På laptopen går det kontinuerleg ein 3D-snutt som syner produktet ungdomsbedrifta ved Bjørgvin videregåande skule har stor tru på. Saman med administrasjonsansvarleg Ørjan Grøttvedt Berger og andre klassekameratar frå Vg1 Service og samferdsel deltok han på den 7. fylkesmessa med over hundre andre ungdomsbedrifter.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg likte smaksprøven på mjød servert av personalsjef Therese S. Nes, og produksjonsmedarbeidarane Haavard Gjelstad og Benedicte Nerhus (t.h) i UB Mjød frå Fitjar vidaregåande skule.
Geniale idear og vidareutvikling
- Vi har fått veldig god hjelp av vår mentor Hermund Linde, dagleg leiar i Arealutvikling. No er vi klare til å setje i gang produksjon av ostehøvelen i Kina, og vi er viss på at vårt produkt er konkurransedyktig, understrekar Moe.
På ferda vidare blant standsane vert ein tilbydd beltespenner som også er ein korthaldar, ulike gastronomiske spesialitetar og geniale idear på rekke og rad. Kva med ein paraply påmontert reflektor, ei hendig alt-i-ett pakke for festivaldeltakarar, vakuumposer for maksimal utnytting av liten lagringsplass, eller ein søppelpose montert i vasken som enkelt fjerner skrellet etter frukt og grønsaker?
Om det er kjende produkt med nye bruksområde eller heilt nye idear, det ligg utruleg mykje arbeid i førebuingane til dei 95 ungdomsbedriftene.
Samme dag vart entreprenørskapsdagen Grow07 arrangert i Grieghallen, ein spennande kopling mellom skule og næringsliv.
Alle er vinnarar
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg stod for den offisielle opninga av årets storhending for ungdomsbedriftene som samla nær 500 deltakande elevar frå våre vidaregåande skular her i Hordaland.
- De er alle vinnarar gjennom dykkar deltaking her og den kunnskap de tileignar dykk i arbeidet med ungdosmbedriftene, understreka fylkesordføraren i sin opningstale. Selsvold Nyborg heldt fram at elevane er framtida og dei er viktige for å nå målet om å gjera Hordaland blant dei mest nyskapande og innovative regionane i Europa.
Ho la til at på landsbasis er jentene er i fleirtal både som daglege leiarar (54 prosent) og styreleiarar (52 prosent). Det er å vona at jentene tek dette med seg når dei går ut i yrkeslivet.
Mjød gir glød
- Dette var godt. Den må du smaka, oppfordra fylkesordføraren etter smaksprøven ho vart servert av personalsjef Therese S. Nes i UB Mjød.
Ungdomsbedrifta frå mat- og restaurantfagline ved Fitjar vidaregåande skule har ein artig logo og slagordet: ”Drikk mjød, så får du ein vakker glød!” Til orientering er mjøden alkoholfri.
- Vi har berre fått positive kommentarar på mjøden vår, legg produksjonsmedarbeidar Benedicte Nerhus til.
Stort medieoppbod
På sida av lokka dagleg leiar Øystein Ekren i UB Smaksdråpen med heimelaga Sotrakrydder, rosegelé og plommevinsirup. Ungdomsbedrifta frå Sotra vidaregåande skule har satsa på planter og urter dei finn på Sotra, og lagt velsmakande produkt.
To av domarane, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og Anders Terjeson Sund frå BI, tok seg god tid til å både lukta og smaka på utvalet. Dei får saman med 45 andre domarar ei tung oppgåve med å kåra vinnarane.
Det koka inni mellom standene. BTV, TV2, NRK radio og TV, og Frokost TV på NRK har vore i Grieghallen. Konkurransen har vunne stor lokal og nasjonal interesse.
Dei 47 domarane, leia av Inger Finne frå Sparebanken Vest, kårer dei beste i følgjande 12 klassar: Beste ungdomsbedrift, Innovative produkt, Gastronomiske nisjeprodukt, Logo, Brosjyre, Nettstad, Reklamefilm, Forretningsplan, Rekneskap, Størst verdiskapningspotensial, Utstilling og Seljar.
Lap Table UB vant beste innovative produkt i 2006. Dei er i år med i Skaperen på TV2. Det vert spennande å følgja dei vidare.
Ungt Entreprenørskap
Ungt Entreprenørskap Hordaland vart stifta 19. juni 2001. Foreininga er ein ideell foreining som skal fremja haldningar, dugleikar og kunnskap om arbeidslivet og entreprenørskap i skuleverket.
Ungt Entreprenørskap Hordaland er medlem i landsforeininga Ungt Entreprenørskap. Dei viktigaste lokale samarbeidspartnarane er Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Sparebanken Vest, NHO Hordaland og Innovasjon Norge i Hordaland.
Slagordet, og kjerneverdiane, er framtid, samspel og skaparglede. Visjonen er at i 2020 skal ungdom i Hordaland vera dei i landet som er flinkast til å starta eigne bedrifter.
Over 100 utstillarar i Grieghallen på den 7. fylkesmessa for ungdomsbedrifter 2007.