Kvam i finalen som Norges kulturkommune

Kvam herad, og tre andre kommunar i landet, er av den nasjonale juryen nominert til finalen som ”Norges kulturkommune 2007”. Vinnaren blir kåra av kommunalminister Åslaug Haga, på Stortinget fredag 23. mars.

Under utdelingsseremonien får kvar av dei fire kommunane inntil 15 minutt kvar til å presentere si kultursatsing. Deretter skal statsråd Haga lese grunngjevinga til juryen og dele ut prisen.

Åttande gong
Prisen blir delt ut annakvart år, og dette er åttande gongen det er utdeling. For to år sidan gjekk Bø i Telemark av garde med sigeren. Berre éin kommune i Hordaland er tidlegare tildelt prisen, nemleg Bergen i 2001 som fekk prisen for satsinga som europeisk kulturby.

Må ha markert seg
Prisen går til ein kommune som har markert seg med allsidig innsats for kulturlivet gjennom samarbeid, kreativitet og nytenking. Det blir vidare lagt vekt på kulturpolitiske ambisjonar.
Kvart fylke nominerer sin kandidat til prisen. Mellom dei 19 nominerte vel den nasjonale juryen ut kandidatar til den nasjonale finalen. Dei fire kandidatane i år er Kvam, Drammen, Kristiansand og Skien.

Vellukka miljøgate
Den nasjonale juryen har valt ut Kvam herad mellom anna for den vellukka satsinga på tettstadutvikling i Norheimsund med mellom anna miljøgate nede ved sjøen. Dette blir sett på som det best gjennomførte tettstadprosjektet i landet, og delegasjonar frå heile landet har vore på synfaring for å trekkje lærdom av det Kvam har gjort.

Blømer i Kvam
– Det blømer i kulturlivet i Kvam og dette er med på å gje innbyggarane gode fritidstilbod og god livskvalitet. Heradet har satsa mykje på idrett og friluftsliv. Dette viser att i realisering av store og flotte idrettsanlegg. Vi er stolte over å ha opna to nye, moderne og sentrumsnære bibliotek. Ungdomsarbeid har høg prioritet, og vi har tilbod som er relativt urbane og meir vanlege i større byar. Aktiviteten i lag og organisasjonar er stor. Kvam herad er heldig som har eit stort potensiale i å samarbeide vidare med utøvande kunstnarar. Ein ny og viktig motor i formidlinga er tusenårsstaden Kabuso. Dette er eit kunst- og kultursenter som Kvam har gjeve stort økonomisk bidrag til og som er til stor glede og kulturoppleving for svært mange, skriv ordførar Astrid Farestveit Selsvold mellom anna i presentasjonen for juryen.

20.03.2007 15:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart