Fredag 23. mars kl. 10.00 vil det bli halde eit høyringsmøte om «Vestlandsregion eller Hordaland?» på Bergen kongressenter. Hordaland fylkeskommune skipar til møtet. Program, opplysningar om påmelding og lenkjer til aktuelle dokument finn du nedanfor.
Program
Du finn programmet her.
Påmelding
Påmeldingsfrist til høyringsmøtet er 16. mars. Du kan melde deg på her: postmottak.s@post.hfk.no
Forvaltningsreforma
Bakgrunnen for møtet er at Regjeringa har varsla ei reform av offentleg forvaltning der det frå 1.1.2010 m.a. vert teke sikte på å erstatta dagens fylkeskommunar med sterkare regionar. I St. meld nr. 12 (2006-2007) «Regionale fortrinn – Regional framtid», har Regjeringa gjort framlegg om kva for oppgåver og ansvar dei nye regionane skal ha.
Høyringsbrev
Fylkeskommunane har fått ansvar for å leggja opp til prosessar som sikrar brei medverknad i diskusjonane om framtidig regioninndeling.
Som eit ledd i prosessen i Hordaland, har fylkeskommunen sendt ut eit høyringsbrev om inndeling i regionar. Brevet finn du her. Høyringsmøtet blir halde som eit ledd i denne høyringsprosessen.
Stortingsmeldinga
Sjå stortingsmeldinga her.
Kommunal- og regionaldepartementet gjer i brev datert 9. januar m.a. greie for prosessen med å avklara den regionale inndelinga, basert på framlegga i St.meld. nr. 12 (2006-2007). Sjå brevet her.
Temaside
Sjå elles Kommunal- og regionaldepartementet si temaside om reforma.