Nyskapingsveka Grow07 vert arrangert i Bergen 12.-14. mars 2007.
Entreprenørskapsdagen
Entreprenørskapsdagen 13. mars i Grieghallen handlar om innovasjon, entreprenørskap og auka samhandling gjennom utfordrande føredrag og gode opplevingar. Arrangørane lovar føredrag som utfordrar og inspirerer, med blant andre Richard Florida og Torger Reve. Her kan ein også møta med «framtidas skaparar» i Ungt Entreprenørskap.
Entreprenørskapsdagen er for næringsliv, akademia og offentleg sektor i Bergensregionen.
Andre arrangement
Nyskapingsuken 12-14. mars inneheld dessutan: Investorforum (v/Connect Vest) 12. mars og Kulturnæringskonferanse (v/Bergen Kommune) 14. mars.
30 aktørar
Skal Bergensregionen vera i fremste rekkje på nyskaping, må alle gode krefter mobiliserast. Med fleire enn 30 aktørar på laget skal Grow’07:
– Vere samhandlingsarena for nyskaping
– Sjå fleire kunnskapsbaserte vekstbedrifter etablert
– Styrkje entreprenørskapskulturen i heile regionen
Frå programmet:
– Utfordrande føredrag frå visjonære føredragshaldarar og gründerar/entreprenørar
– Presentasjon av innovasjonssystemet i regionen – dei som hjelper fram gode idear
– Møtepunkt med morgondagens skaparar frå Ungt Entreprenørskap
– Venture Cup premieutdeling
– Festkveld med middag
Sjå http://www.grow07.no/ for meir informasjon!
Arrangørar
Arrangørane for nyskapingsveka er: Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Bergen Næringsråd, Bergenscenarier2020, Bergens Tidende, Sparebanken Vest, Innovasjon Norge og Bergen Teknologioverføring AS.
Partnarar
Salgs- og reklameforeningen, NHO/Ungt Entreprenørskap, Vekst Industri Sunnhordland AS, Pro-Gress, Sarsia Innovation, Connect Vest, First Tuesday Bergen, NCE Subsea, Digital Hverdag, Høgskolen i Bergen, Norges Handelshøyskole, Universitetet i Bergen, Kunsthøgskolen i Bergen, Norges Kreative Fagskole, Karrieresenteret/Akademikerbedriften, Unifob, Start NHH/Venture Cup, Ulstein Gründerforum, Bergen Mediaby, Maritimt forum, Vest Næringsråd, Hordaland olje og gass, Fiskeriforum vest, Visit Bergen, Vitensenteret, Christian Michelsen Research, Havforskningsinstituttet, NIFES.