
Bodil Erdal (nærmast), Teddy Hay, Birthe Riisnes og Julien Delobel arbeider saman om eit prosjekt der dei skal lære framand språk og kultur og utvikle kjenslene av å tilhøyre det europeiske fellesskapet.
EU har gjeve pengar til elevutvekslinga gjennom programmet Comenius. Målet er å lære framand språk og kultur og utvikle kjenslene av å tilhøyre det europeiske fellesskapet.
– Vi har likt oss godt her. Noreg er eit fint land. Vi kunne godt tenkt oss å bu her. Desse 14 dagane har vore som ein ferie for oss, men no lengtar vi litt heim, seier Julien Delobel og Teddy Hay som er frå byen Châtellerault, midt i Frankrike og går på skulen Lycée Edouard Branly.
Lage felles heimeside
I alt 23 elevar og tre lærarar frå den franske vidaregåande skulen var i Bergen frå 14. til 27. mars. Elevane har delteke i undervisinga ved Bergen handelsgymnasium der dei norske og franske elevane har arbeidt med prosjektet ”Fra kilden til bordet, - en studie i hva vi drikker”.
– Vi har mellom anna intervjua ein lege og sett på forskjell i kvaliteten på vatn frå springen og vatn på flaske. Vi har og vitja vassverket og vassreinseanlegget i Åsane. Til slutt skal vi lage ei felles heimeside om dette på internett på norsk, engelsk og fransk, seier Bodil og Birthe.
Kino og bowling
I tillegg til det faglege er det lagt stor vekt på det sosiale.
– Vi har gått på kino og skipa til bowling, reist på turen ”Norge i et nøtteskall” og vært i Hardanger og sett Eidfjord Natursenter og Sima kraftanlegg og gått på ski på Kvamskogen.
Etter desse to vekene er konklusjonen at dei franske elevane er blitt flinkare i engelsk, og dei norske kan meir fransk.
– Engelsk er det felles språket vi begge forstår, men vi er betre i engelsk. Dei franske elevane hadde problem dei første dagane med å forstå engelsk, men så med eitt losna det og dei er blitt flinke i engelsk. Etter kvart har vi og fått snakka ein del saman på fransk, og vi er blitt mykje betre i det franske språket. Men vi har og lært franskmennene litt norsk, mellom anna litt av Brannsongen, smiler Bodil og Birthe.
Kulturkollisjon
For franskmennene har det og vore litt kulturkollisjon å kome til Bergen.
– Vi går åtte timar på skulen kvar dag, må seie ”monsieur” eller ”madame” til læraren og vi får ikkje snakke i timane eller ete mat, men vi får servert varm mat på skulen kvar dag klokka 12.00, seier Julien og Teddy.
Dei franske elevane er sjokkert over at dei norske elevane får snakke og ete i timane og at dei snakkar til læraren ved å nytte fornamnet. Dessutan syntest dei at den norske skuledagen er kort.
– I Frankrike er vi på skulen til klokka 18.00, seier Julien og Teddy, og Bodil og Birthe legg til at i Frankrike har ikkje ungdommen tid til å treffe venner i vekedagane grunna lange skuledagar. Venner treffer dei i staden i helgane.
Gjenvisitt
Om morgonen 27. mars reiste dei franske gjestene heim, men alt i mai, frå 2. til 18. mai reiser dei norske elevane på gjenvisitt til Frankrike.
– Vi gler oss til turen, men det blir litt kort tid etter vitjinga her. På vegen heim skal vi stoppe tre dagar og feire 17. mai i Paris, seier Bodil Erdal og Birthe Riisnes.
Heimesida til prosjektet