Fleire søkarar til offentlege vidaregåande skular

Dei fylkeskommunale skulane får i år ein sterkare vekst i det reelle søkjartalet enn i 2006. Totalt har det meldt seg 18232 søkjarar frå Hordaland i år. Dette er 404 fleire enn i 2006, konstaterar fungerande opplæringsdirektør Inger Øvsthus Tønder (bilete

Talet på søkjarar med Ungdomsrett er 17173. Dette er ein auke på 482. I 2006 var søkjartalet til dei offentlege skulane 300 færre enn auken i ungdomskullet skulle tilseie. I år er dette talet ca. 140. Talet på elevar som kjem ut frå 10. klasse i ungdomsskulen aukar med vel 600 også i 2007.

- Dette skulle tyde på at dei offentlege skulane hevdar seg svært godt i konkurransen med dei private vidaregåande skulane, seier inntaksleiar Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune.


Inntaksleiar Nils Skavhellen (framme) høyrer på orienteringa om inntaket frå fungerande opplæringsdirektør Inger Øvsthus Tønder saman med rektorane ved dei vidaregåande skulane i fylkeshuset måndag. (Foto: Simon Sortland)

Ny reform
Tal plassar som er med i fellesinntaket er 18352 - tilsvarande tal i 2006 var 17828. Auken i elevplassar er etter dette 524 samanlikna med 2006. Dette er ca 140 færre enn talet på elevar som kjem ut frå 10. klasse i Hordaland våren 2007.

Skavhellen held fram at på grunn av overgang til ny reform for Vidaregåande kurs 2 (tidlegare VKI) er det vanskeleg å samanlikna tabellar med tidlegare år. Oversynet nedanfor vil såleis ikkje ha samanliknbare tabellar, men i teksten vil ein, til ei viss grad, få informasjon dersom det er spesielle utslag i søknadsmønsteret frå 2006 eller tidlegare.

Tal søkjarar (Ungdomsrett) og plassar til Vg1/Vg2 i Kunnskapsløftet:

                                                          

Plassar

Søkjarar

 

 

 

Bygg og anleggsteknikk:

1 100

1 053

 

 

 

Design og handverksfag

732

559

 

 

 

Elektrofag

989

1 118

 

 

 

Helse-og sosialfag

1 808

1 410

 

 

 

Idrettsfag

461

481

 

 

 

Musikk/Dans/Drama

422

503

 

 

 

Medier og kommunikasjon

391

608

 

 

 

Naturbruk

481

321

 

 

 

Restaurant og matfag

768

484

 

 

 

Service og Samferdsel

690

580

 

 

 

Studiespesialiserande

5 175

4 734

 

 

 

Teknikk og ind.produksjon     

1 459

1 545

 

 

 

Til saman

14 476

13 396

Tal søkjarar til Vg1 samanlikna med inntaket i 2006

 

2007

2006

 

 

 

Bygg og anleggsteknikk

603

580

 

 

 

Design og handverk

381

341

 

 

 

Elektrofag

642

447

 

 

 

Helse-og sosialfag

598

737

 

 

 

Medium og kommunikasjon    

362

301

 

 

 

Naturbruk

130

145

 

 

 

Resturant og matfag                

191

327

 

 

 

Service og Samferdsel

228

236

 

 

 

Tekn. og ind. produksjon

821

714

 

 

 

Studiespesialisering

2 485

2 156

 

 

 

Studispesialisering m/Formgj

162

140

 

 

 

Idrettsfag

279

262

 

 

 

Musikk/Dans/Dans

268

242

 

 

 

Til saman

7 150

6 628

Oversynet viser at det med, få unntak, ikkje er store endringar i søknadsmønsteret til elevane samanlikna med tidlegare år.

Service og samferdsel
Etter ein sterk auke i søkjartalet til Helse og sosialfag i 2006 er det nå ein etter måten sterk tilbakegang i søkjartalet til dette utdanningsprogrammet. Dette gjeld særleg til Vg1.

Søkjartalet til Restaurant-og matfag har blitt mindre over fleire år, og det er framleis reduksjon i søkjartalet til dette utdanningsprogrammet. Særleg i Bergensområdet er nedgangen relativt stor.

- Elles ser vi at det generelt er dårlegare søkning til Service og samferdsel enn tidlegare. Nedgangen her byrja i 2006, men vi trudde då at nedgangen var midlertidig ved overgangen til Kunnskapsløftet, bl.a. med nytt namn på utdanningsprogrammet. Denne nedgangen ser nå ut til å halde fram, og fleire skular har klassar innanfor dette utdanningsprogrammet som kan bli lagt ned ved prøveinntaket i juli eller seinare i inntaksperioden, seier Skavhellen.

Når ein ser på søkjar-/plasstal til dei andre utdanningsprogramma, går dette godt i hop i høve til dei røynslene ein har med inntaket dei siste åra. Det vil vere lokale variantar av pluss og minus for mest alle utdanningsprogram og det vil framleis vere oversøkning til visse linjer i Vg2.  Dette er imidlertid vesentleg redusert fordi talet på kurs i Vg2 er sterkt redusert i Kunnskapsløftet

Etter at tala i prognoseinntaket no er kjent, vil Opplæringsavelinga vurdere behovet for justeringar av klassetalet ved dei ulike skulane, eventuelt omlegging av klassar, og behovet for plassar generelt innanfor dei aktuelle fag. Dette arbeidet vil bli gjort i samarbeid med skulane, og skal deretter leggjast fram for politisk behandling.

Simon Sortland 13.03.2007 08:43
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart