Bokbåten Epos sin vårtur 2007

Bokbåten Epos er på tur i Hordaland frå 24. til 31. mars og frå 11. til 22. april. Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram kjem båten til kai 52 stader i 21 kommunar i fylket.

Bokbåten Epos

Vestlandet sitt flytande bibliotek kan no også besøkjast på nett. Her kan ein følgje bokbåten på tur langs Vestlandskysten gjennom kart, bilde og anna informasjon.
Den felles nettstaden for bokbåten i dei tre vestlandsfylka finn de på www.bokbaten.no

Oversikt over stoppestader i Hordaland

Vestlandssamarbeid
Bokbåtdrifta er eit vestlandssamarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Bokbåten går til dei små plassane på Vestlandet som elles ikkje har bibliotektenester. På kvar stad blir det tatt i land ei boksamling som fungerer som eit minibiblioteket til bokbåten kjem att.

Kulturprogram 24.-31. mars
Kulturprogram på vårens nordtur frå 24. til 31. mars er framsyninga Fiskekongen med skodespelarane Jarle Berentsen og Baard Larsen. Framsyninga handlar fiskaren som fangar den mystiske fiskekongen. Han lar fiskekongen leve og som takk får han ønskje seg kva han vil. Når han fortel dette til kona si ønskjer ho seg først eit lite hus, men ho blir ikkje nøgd og sender fiskaren ut på havet for å fremje eit nytt og større ønskje. Kona gjev seg ikkje og ønskjer seg meir og meir, og det endar fatalt.

Kulturprogram 11.-22. april
Kulturprogram på vårens sørtur frå 11. til 22. april er Vi skal ikkje sova bort sumarnatta med Linda Fosse. Vi fylgjer Vestlandet sin store lyrikar Aslaug Låstad Lygre gjennom ulike fasar av livet og diktinga hennar. Det heile er bunde saman av dikt og songar. Aslaug er rekna for å vere ein av Noregs største kvinnelege lyrikarar i etterkrigstid. Ho er mest kjend for diktet som Geirr Tveitt har sett melodi til. Kva meir skreiv ho og kva andre hendingar i livet hennar kan ha påverka diktinga hennar? Linda Fosse er frilans skodespelar og songar, fødd og oppvaksen i Alversund i Lindås kommune.

Samarbeid om programmet
Kulturprogrammet er eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Hordaland, og er støtta av Folkeakademiet i Hordaland.

Stanley Hauge 23.03.2007 08:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart