Aukar satsinga på den digitale skulen

Fylkesutvalet tilrår fylkestinget å gå inn for ei auka satsing på den digitale skulen. Fylkestinget avgjer saka på møte torsdag 29. mars.

Eigdendel på kr 1000
Elevane sin eigendel på 1.000 kroner for berbar pc i den vidaregåande skulen i Hordaland står fast sjølv etter at fylkesutvalet samrøystes tilrår fylkestinget å vedta at fylkeskommunen sjølv skal eiga pc-ane. Det gjev ein ekstrakostnad på 9 millionar kroner. Vidare vil ei naudsynt opprusting av straumtilgangen ved dei vidaregåande skulane ha ei kostnadsramme på 20 millionar kroner.


Auka ramma
Skulle ein klart å halda seg innanfor ramma på 25 millionar kroner slik fylkesutvalet vedtok i februar, måtte eigendelen setjast til nær 2.500 kroner. Slik fylkesutvalet ser det, vil ein med så høg eigendel overstige summen som kan påleggjast elevane. I tillegg til eigendelen må elevane kjøpe alle bøker som trengst til undervisninga. Med utgangspunkt i regelverket for meirverdiavgiftskompensasjon vedtok fylkesutvalet at fylkeskommunen sjølv kjøper inn og eig dei berbare elev pc’ane. For å oppretthalda subsidiesummen på 5.000 kroner per pc er løyvingsramma difor auka med 9 millionar til 34 millionar kroner.
Joril Christensen (Ap) sette fram forslag om å stryka elevane sin eigendel for 2007 og overføra kostnaden på 6,8 millionar kroner frå overskotet i 2006. Dette fekk 5 røyster og fall.

Fylkesutvalet si innstilling til fylkestinget  lyder:
1. Fylkeskommunen kjøper sjølv inn berbare elev pc-ar som læremiddel til alle Vg1-elevane ved dei fylkeskommunale vidaregåande skolane. Fylkeskommunen skal eige pc’ane. Ramma for innkjøpet vert sett til 32,6 mill. kr. 
Fylkeskommunen sin kostnad på 32,6 mill. kr vert å finansiere slik: 6,8 mill kr i eigendel frå elevane. 5,0 mill. kr av budsjettløyving 2007 til dette føremålet. 20,8 mill. kr ved disponering av overskot for 2006.
Fylkesutvalet vil koma attende til naudsynt budsjettendring i samband med disponeringa av overskotet for 2006 på junitinget 2007.

2. Fylkesutvalet legg til grunn at Vg1elevane som tek til hausten 2008 også skal omfattast av tilsvarande ordning med elevpc’ar. Finansieringa av dette innkjøpet skal gjerast på tilsvarande måte med kombinasjon av eigendel frå elevane, budsjettløyving (vidareføring av 2007-løyvinga på 5 mill. kr) og resten ved disponering av overskotet for 2006. Endeleg ramme for innkjøpet vert fastsett våren 2008.

3. Fylkesrådmannen utarbeidar regelverk for ordninga med utlån av berbare elev pc’ar. Regelverket skal regulere tilhøvet  mellom fylkeskommunen og eleven/føresett. Fylkesrådmannen kjem attende med ei sak om dette.

4. Det vert sett i gang eit arbeid for å ruste opp straumtilgangen ved dei vidaregåande skulane. Arbeidet har ei kostnadsramme på 20 mill kr. Fylkesutvalet godkjenner at opprustinga vert sett i gang og vil koma attende med nødvendig budsjettendring i samband med disponering av overskotet for 2006.

Pkt. 3 og 4 vart samrøystes tilrådd.

Pressmelding frå fylkesutvalet (rtf-fil)

Simon Sortland 28.03.2007 17:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart