Dei fem musikarane kallar seg Msafiri, som tyder ”ein som reiser”. Då gruppa gjesta Fitjar skreiv nettavisa Fitjarposten.no at ”gjennom eit fyrverkeri av afrikanske rytmar, song og dans, heldt gruppa frå Rikskonsertane ein konsert som til slutt førte til trampeklapp frå ungdomsskuleelevane”.
Dei fem musikarane er Iddi Achieng Odhiambo: vokal, Cicily Wairimu: dans, vokal, Morten Færestrand: gitar, Said Makdar Mahfudh: dans, vokal og Gilbert Ongachi Walukwe: trommer.
Gjennom konserten ønskjer dei fem muskarane å gje ei oppleving av musikken, songen og dansen som lever i Kenya i dag. Dei vil og syne korleis unge kenyanarar taklar utfordringane i livet gjennom kunst, og medverke til å endre oppfatninga av Afrika som berre eit ”fattig” kontinent.
Onsdag 28. mars klokka 09.50 blir konserten framført på Sandnes skule i Masfjorden. Klokka 12.40 blir det konsert på Matre skule.
Torsdag 29. mars klokka 10.00 blir det konsert på Alversund skule i Lindås, og konsertturneen blir avslutta på Radøy ungdomsskule klokka 12.10.
Konserten er i regi av Rikskonsertane og produsert av Rhoda Ondeng Wilhelmsen ved Fylkeskonsertane i Hordane.
Les omtale av konserten hos Fitjarposten.no
Les omtale av konserten hos Innsida.no