- Må utgreia alternative hevingsmetodar

Hordaland fylkesting vedtok torsdag 29. mars samrøystes ein uttale der det krev at regjeringa vurderer alternative metodar for heving av ubåtvraket ved Fedje.

Fylkestinget sin uttale etter framlegg frå Gisle Handeland (Ap):

U-864 – KRAV OM VURDERING AV ALTERNATIVE METODAR FOR HEVING

 ”Ubåtvraket med 65 tusen kilo kvikksølv på havbotnen utanfor Vestlandet er ei nasjonal og internasjonal miljøsak.

Fylkestinget krev at Regjeringa snarast set i gang ei ny utgreiing av hevingsalternativet med sikte på å finna ein miljømessig sikker hevingsmetode.

Fylkestinget kan ikkje sjå at utgreiingsarbeidet som ligg føre dokumenterer at alt som kan gjerast for å fjerna miljøtrusselen, er gjort. Fylkestinget konstaterer at dette og er den allmenne oppfatninga på heile Vestlandet.

Det er vanskeleg å akseptera at ein rik nasjon med undervassteknologi i verdsklasse ikkje er i stand til å få miljøgifta opp frå havet på ein forsvarleg måte.

Svaret på den sterke uroa og den massive motstanden mot å dekkja til vraket er å utgreia saka på nytt, og spesielt med sikte på alternative metodar for heving av miljøgifta.

Fylkestinget viser til ein rad resolusjonar frå landsmøte og fylkesårsmøte i ulike politiske parti i det siste. Alle stør krava om nye utgreiingar av hevingsalternativet.

Eit betre avgjerdsgrunnlag gir større tryggleik – og tiltaket som til slutt vert sett i verk større legitimitet !”

30.03.2007 11:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart