Skal vi oppretthalde Hordaland med dei grensene fylket har i dag, eller inngå i ein Vestlandsregion med eit eller fleire av nabofylka? Det var tema som vart diskutert i Bergen Kongressenter under høyringsmøtet om regionreforma Hordaland fylkeskommune arrangerte sist fredag.
- Når politikarane i Sogn og Fjordane ser at ein Vestlandsregion er til sin eigen fordel, vert dei å finna på barrikadane, spådde redaktør Olav Terje Bergo (nr. 2 frå høgre). Han deltok i panelet saman med fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) (t.h), Bergo, Tor Selstad, Magne Rommetveit, Per Rune Henriksen og Torill Selsvold Nyborg.
Stort oppmøte med representantar frå kommunar, regionale og offentlege etatar, næringslivsorganisasjonar med fleire fekk oppleva gode og engasjerte innlegg som vart avrunda med ein spenstig plenumsdiskusjon leia av Per Jon Odeen.
Friviljugprinsippet
Å erstatta dagens fylkeskommunar med sterkare regionar er eit av siktemåla i Regjeringa si varsla reform av offentleg forvaltning frå 1. januar 2010. Per Rune Henriksen, Stortingsrepresentant og leiar i Hordaland Arbeidarparti, kunne ikkje røpa så mykje frå Stortingkomiteen si handsaming av Stortingsmelding nr. 12 (2006-07) -”Regionale fortrinn – Regional framtid”.
– Med omsyn til oppgåvene er innstillinga radikalt annleis enn meldinga som er lagt fram, lova Henriksen. Komiteen si innstilling vert lagt fram i Stortinget 10. mai.
Tor Selstad, professor ved Høgskolen i Lillehammer, slo fast at det er ingenting i oppgåvene i Stortingsmelding nr. 12 som tilseier at ein skapar større regionar enn dagens fylkeskommunar.

- Til trass for at fylkeskommunane er ”styrka” gjennom fleire innsatsar, og vil bli tilført nokre nye oppgåver, er det regionnivået me får i 2010 ein svekka utgåve av fylkeskommunen slik den var så seint som i 2002.
Han held fram at overtaking av Statens vegvesen har som vilkår større regionar. Men dette er nærast eit umogleg vedtak for fylkeskommunane, gitt friviljugmodellen, meiner Selstad. Å utelukka kommunane i denne forvaltningsreforma meiner han var ein tabbe.
Professor Tor Selstad sitt klare råd er at ein ikkje lagar større regionar enn oppgåvene krev.
Han var også klar på at friviljugprinsippet må opphevast på både kommunalt og regionalt nivå, noko flesteparten av dei som tok ordet var samde i. På same måte som tilføring av fleire og større oppgåver er vegen å gå skal ein få til ein reell reform.
Kven tek rolla som Vestlandspartiet?
Redaktør i BA, Olav Terje Bergo, heldt eit engasjerande innlegg der han tok for seg Vestlandet som regionalt nivå. Ein sterk felles identitet, verdiar, og næringsliv knyt oss saman. Motførestellingar er at Bergen og Stavanger er rivalar, samt at distrikta fryktar storbyane vil sentralisera alt til seg sjølv.
Han sakna at ingen politiske parti hadde teke på seg rolla som Vestlandspartiet, slik Ap tok på seg rolla som Nord-Noreg-partiet under oppbygginga etter 2. verdskrigen. Bergo meiner forkjemparane for ein storregion har mykje å læra av grunnleggjarane av EU som feirar 50 år i desse dagar. Men han hadde og løitt skryt å koma med.
- Leiarskapen fylkespolitikarane på Vestlandet har tatt, er svært positivt og må videreførast, meiner BA-redaktør Olav Terje Bergo.
- Vestlandet må samla seg for å ta over den folkevalde styringa av dei store statlege landsdelsetatane og dei store felles utfordringane, på vegne av veljarane på Vestlandet, konkluderte Bergo.
- Ta makta
Fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) i Sogn og Fjordane, som vart ståande litt åleine i denne forsamlinga, vil først vere klar til å diskutera ein storregion den dagen Vestlandet kan stetta deira interesser betre enn fylkeskommunen gjer i dag.

Ordførar i Sveio, Jorunn Skåden (Ap), meiner det er farleg å venta på oppgåvene.
– Me må ta makta og teikna kartet først, så får me kjempa til oss stadig fleire oppgåver etterkvart. Då får me også med oss Sogn og Fjordane, seier ordførar i Sveio, Jorunn Skåden (Ap).
- Me må få oppgåvene før me teiknar kartet, parerte Sandal.
Fylkeskommunane er bedne om å ta stilling til geografisk inndeling i to omganger. Først skal dei noverande fylkestinga ta stilling til saka i juni 2007, og deretter skal dei nye fylkestinga som blir valde hausten 2007, uttale seg i løpet av desember 2007. Stortinget skal våren 2008 ta endeleg stilling til geografisk inndeling av dei nye regionane. Hordaland fylkesting tek sikte på å handsame denne saka 12. og 13. juni.
- Tida er moden
Leiar i KS Hordaland og ordførar i Stord kommune, Magne Rommetveit (Ap), meiner ein stor Vestlandsregion er det einaste alternativet.
– Hadde me hatt ein sterk Vestlandsregion hadde plasseringsspørsmålet vore ei ikkjesak i fusjonen mellom Statoil og Hydro, slo han fast.
Vertskap og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (KrF) er ein forkjempar for ein slagkraftig Vestlandsregion. Ho la sterk vekt på at me no også løftar blikket og får eit internasjonalt perspektiv på regionreforma.
- Det er no eller aldri, slo Selsvold Nyborg fast.
BA: Kritiserer Stoltenbergs regionplan
Innlegg Per Rune Henriksen
Innlegg Olav Terje Bergo
Innlegg Tor Selstad
Innlegg Torill Selsvold Nyborg
Leiar BA: På barrikadene for Vestlandet