Stormønstring i Kultur- og ressursutvalet

Tysdag og onsdag i neste veke vil politikarane i kultur-og ressursutvalet få møta representantar frå dei ni konsoliderte musea og femten andre institusjonar i fylket som dei løyver over 200.000 kroner i årlege tilskot.

Det er ikkje første gong musea, institusjonar og organisasjonar frå fylkeskommunen sitt rike kulturliv presenterar seg for dei folkevalde, eller at kultur- og ressursutvalet (KURE) har to-dagars møte. Men det er første gong det har vore lagt opp til ei slik stormønstring som det vert i fylkeshuset 8. og 9. mai.

- Dette er eit høve for dei institusjonane som får fylkeskommunale tilskot til å presentera seg og sine målsetnadar for fylkespolitikarane. Første dagen er våre ni museum invitert. På onsdagen kan organisasjonar og institusjonar som får løyvd 200.000 kroner og meir i årlege tilskot gje sin presentasjon. Det vert som i Stortinget, ein kort presentasjon med eit par spørsmål etterpå, fortel kultursjef Ingebjørg Astrup.

Samla presentasjon
Astrup legg til at det er ønskjeleg med ein meir samla presentasjon i forkant av budsjettarbeidet, og at kulturpolitikarane generelt får eit større overblikk av den store aktiviteten det er på kulturfronten i fylket vårt. Dette er kanskje endå meir viktig grunna  omprioriteringar på faste postar på fylkesbudsjettet.

Organisasjonar og institusjonar som får kommunal og statleg støtte i tillegg til fylkeskommunal støtte vil få presentera seg. Neste år er det lagt opp til at andre som får fylkeskommunalt tilskot skal får presentera seg.

 

 

- Kultur-og ressursutvalet får ein samla presentasjon av søkjarane til fylkeskommunale midlar i 2008 å sitt komande todagars-møte, opplyser kultursjef Ingebjørg Astrup.


Presentasjonar på grunnlag av budsjettsøknad 2008


Musea tysdag 8. mai:
kl 11.00 – 11.15 Museumssenteret i Salhus
kl 11.15 – 11.30 Bymuseet i Bergen
kl 11.30 – 11.45 Bergens Sjøfartsmuseum
kl 11.45 – 12.00 Museum Vest
kl 12.00 – 12.15 Kunstmuseene i Bergen
kl 12.15 – 12.30 Stiftinga Hardanger Museum 
kl 13.00 – 13.15 Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
kl 13.15 – 13.30 Baroniet Rosendal
kl 13.30 – 13.45 Stiftinga Sunnhordland museum
kl 13.45 – 13.55 Vestnorsk jazzsenter

 
Institusjonar/organisasjonar onsdag 9. mai:
kl. 09.00 – 09.10 Folkeakademiet Hordaland
kl. 09.10 – 09.20 Hordaland Barne- og ungdomsråd
kl. 09.20 – 09.30 Vestlandske Teatersenter
kl. 09.30 – 09.40 Hordaland musikkråd
kl. 09.40 – 09.50 Ole Bull Akademiet 
kl. 10.00 – 10.10 Folkeuniversitetet Vestlandet
kl. 10.10 – 10.20 Vestnorsk kulturakademi
kl. 10.20 – 10.30 BIT Teatergarasjen
kl. 10.30 – 10.40 Kystsogevekene
kl. 10.40 – 10.50 Oselvarverkstaden
kl. 11.00 – 11.10 Orkesteret Fossegrimen
kl. 11.10 – 11.20 Stiftinga Fartein Valen
kl. 11.20 – 11.30 Bergens Rockaktører 
kl. 12.30 – 12.40 Lost Weekend Festivalen
kl. 12.40 – 12.50 Norges Musikkorps Forbund
kl. 12.50 -  13.00 Stiftelsen Bryggen
kl. 13.00 -  13.10 Vestnorsk Filmsenter
kl. 13.10 – 13.20 Skrivekunstakademiet
kl. 13.20 – 13.30 Hardanger musikkfest
kl. 13.40 – 13.50 Det Felles Innvandrerråd
kl. 13.50 – 14.00 Bergen Kunsthall
Simon Sortland 03.05.2007 13:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart