Stor glede for tilrådinga om å få Tyssedal og Odda på UNESCO si verdsarvliste

Det var med stor glede me mottok meldinga om at Riksantikvaren tilrår å søkja om å få Tyssedal, Odda og Rjukan på UNESCO si verdsarvliste for kulturminne. Målet er å få bygd opp eit nasjonalt kompetansesenter for restaurering av industrielle bygg. Det gle

Historisk dag
Same dag som Riksantikvaren si melding kom, opna miljøvernminister Helen Bjørnøy det nyrestaurerte kraftanlegget i Tyssedal – ei opprusting som har kosta 46 millionar kroner. Laurdag 26. mai 2007 vil difor stå som ein historisk dag for Odda kommune og Hordaland fylkeskommune.

Tyssedal først ferdig
Tyssedal er det først ferdige av ti større tekniske og industrielle kulturminne som vert restaurerte i heile landet for å ta vare på Noreg si nære industrihistorie. 70 personar har jobba i sju år for å restaurera Tyssedal kraftanlegg. Prosjektet starta då stasjonen vart freda i 2000. Stasjonen som var bygd ut først på 1900-talet, hadde då stått til forfalls sidan kraftproduksjonen stansa i 1989.

Fylkeskommune har stått på
Hordaland fylkeskommune har i lang tid arbeidd for å få Tyssedal inn på UNESCO si tentative liste for å bli kvalifisert som verdsarv. Når Riksantikvaren no har kunngjort at han vil ha Tyssedal på UNESCO si verdsarvliste, er dette også mykje takka vera det gode samarbeidet vårt med Miljøverndepartementet og miljøvernminister Helen Bjørnøy i denne saka.

Viktig for framtida
Å stå på  UNESCO si verdsarvliste betyr at ein kan syna til det ypparste av det ypparste i verda. Å syna til kulturminne og ta skikkeleg vare på dei er svært viktig i vårt samfunn, og det er noko som vil ha stor verdi for komande generasjonar.

Viktig folkerøysting
Eg ventar at innbyggjarane i  Odda vil leggja vekt på dette, når dei i folkerøystinga i september skal seia ja eller nei til om Odda kommune skal oppretthalda søknaden om å få verdsarvstatus for Tyssedal kraftanlegg og «Smelteverket». Eg er heilt samd med miljøvernministeren i at det er avgjerande for den vidare prosessen at det er eit stolt og engasjert lokalsamfunnet som står bak og går inn for søknaden, skriv fylkesordføraren i brevet til Miljøverndepartementet.

Nasjonalt kompetansesenter:
Målet er å få bygd opp eit nasjonalt kompetansesenter for restaurering av industrielle bygg. Det gler oss at miljøvernministeren synest dette er ein god ide som ho støttar opp om.

Lenkjer til
Flott restaurering av Tyssedal kraftanlegg

Tyssedal, Odda og Rjukan mulige nye verdarvområder

Stor dag for Odda

Simon Sortland og Stanley Hauge 30.05.2007 08:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart