Snøggbåtruta på Hardangerfjorden starta sesongen 1. mai, ein månad tidlegare enn i fjor. Tide Sjø AS som vann anbodet, har sett inn «Vøringen» i ruta, som går mellom Norheimsund og Eidfjord med diverse stoppestader på turen.
Utvida sesong
Turistruta på Hardangerfjorden som ruta også vert kalla, har i år fått utvida sesongen med to månader. Den startar ein månad tidlegare (1. mai) og skal gå ein månad lenger – ut september.
Rundtur
Ruteopplegget er lagt opp med korrespondanse med bussruter mellom Bergen til Norheimsund, og det er også korrespondanse med bussar på fleire av stoppestadane. Det er såleis godt høve til diverse rundturopplegg.
Ein tur dagleg
Båten har avgang frå Norheimsund dagleg kl. 08.55 og er framme i Eidfjord kl. 11.40. Retur frå Eidfjord er dagleg kl. 14.40 og båten er attende i Norheimsund kl. 17.25. Under vegs er båten begge vegar innom Utne, Lofthus, Kinsarvik og Ulvik.
Ruteopplegg (pdf-fil)