
Tidlegare landbruksminister Lars Sponheim i styringsgruppa for Smak av Kysten serverer grillede kamskjell og sjøkrepsshot til Børrea Elisabeth Schau-Larsen frå Solstrand Hotel & Bad og konsernsjef Ole-Eirik Lerøy i Lerøy Seafood Group. (Foto: Jan Hausken).
Entusiasmen og engasjementet var til liks med sjømaten heilt overveldande då samarbeidspartnarane i nettverket Smak av Kysten offisielt opna sin første sesong onsdag.
Langbordet var dekka etter alle kunstens reglar i Sjøtønnen restaurant, og gjestene fekk sjå dei levande råvarene levert på bryggekanten til hotellet. Sang og musikk akkompagnerte avdukinga av heidersteiknet som sertifiserar ei serveringsbedrift som medlem av Smak av Kysten. Deretter var det duka for ei unik matoppleving.
Kvalitetsstempel for serveringsbransjen
Etter velkomsten av dagleg leiar Odd Jordheim og prosjektleiar Alexandra Krage Angell ved Norsk Sjømatsenter vart gjestelyden servert av tidlegare landbruksminister Lars Sponheim. Han sit også i styringsgruppa for prosjektet.

- Dette er det største matprosjektet i Hordaland, og utan tvil det mest gjennomarbeidde. Eg er utruleg stolt og dette er ein fantastisk dag, stråla Fredrik Hald frå Halvard Lerøy AS. Han er også leiar i styringsgruppa. Den tel elles mellom anna leiar i NHO-reiseliv sitt serveringsutval Eric Saudan og kulturpersonlegdom Helga Golten.
Utvalde restaurantar
- Litt av bakgrunnen er at vi fant ut at turistar som kom til Norge og ville oppleva ekte norsk sjømat fekk servert grillpølse og hamburgerar. Dette ville me endra på, fortel Jan Hausken ved Verdiskaping i Kystsona i Hordaland fylkeskommune.
Smak av kysten er ei tung satsing for eit meir variert sjømattilbod på serveringsstader i Hordaland. Dette gjeld både dei finaste restaurantane, kafear, kantine, catering og institusjonskjøkken. Alexandra Krage Angell frå Norsk Sjømatsenter er prosjektleiar og involverer både Sjømatsenteret og innleigd personell til opplæring i marin kokekunst.
Kjøkkensjef Hanne Frostad frå SPISESTEDET PÅ HØYDEN(t.v), Lars Sponheim, Thomas C. Madsen frå Hotel Admiral og Inge Døskeland frå Hordaland fylkeskommune inspiserar dagens hovudrett - brosme. (Foto: Jan Hausken).

- Reiseliv vert ein stadig meir krevjande bransje med stadig meir erfarne turistar. Får dei den sjømaten dei forventar når dei kjem til Noreg, spurte Saudan. Han la vekt på at Smak av Kysten har og vil vidareutvikla kompetansen og stoltheten i bransjen. Me må tilby det genuine og fortelja historiane for å vinna i denne konkurranse, understreka Saudan.
- Handlar om truverde
Kompetanseprogrammet er ein viktig del av prosjektet og er eit opplæringsprogram for serveringsverksemder. Dei første 12 starta si åtte dagar lange opplæring i februar. Alt frå kjente byrestaurantar som Bellevue og På Høyden til landlige hotellrestaurantar som Solstrand, Bekkjarvik og Ullensvang er med.
– Det er ei stor, forpliktande og motiverande ære å vere ei sertifisert Smak av Kysten-bedrift, sa hotelldirektør Nina Askvik under avdukinga av plaketten på Clarion Hotel Admiral onsdag.
Over ein toårs periode skal ei rad utvalde restaurantar i Hordaland få vere med. Kjente matekspertar som Lars Barmen, Hanne Frostad, Fredrik Hald, Stein Mortensen og Astri Riddervold skal undervise kursdeltakarane på Kulinarisk teater på Bontelabo. Etterkvart som nettverket veks skal det haldast faglege samlingar.
- Dette er ein stor dag for fiskerinæringa, slo konsernsjef Ole-Eirik Lerøy i Lerøy Seafood Group fast. Me brukar det meste av kreftene våre utanlands, og er per i dag ikkje i nærleiken av å ta ut det potensialet som ligg i næringa her heime. På alle moglege plan i denne verdikjeda handlar det om ein ting, nemleg truverde. Smak av kysten er i så måte eit usannsynleg viktig prosjekt, og me må alle vere gode ambassadørar for dette, understreka han.

Smak av kysten er i første rekke finansiert av Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Sparebank 1 SR-Bank. Totalbudsjettet for programmet er på nær 6,8 millionar kroner over ein treårsperiode. Bedriftene deltek med ein andel basert på sin omsetnad.
Dagleg leiar Odd Jordheim og prosjektleiar Alexandra Krage Angell ved Norsk Sjømatsenter ynskte velkomen til første sesong av Smak av kysten ved Clarion Hotel Admiral.
Hordaland satsar på sjømat
Bakgrunn for prosjektet Smak av Kysten
Fakta om Smak av Kysten