«Skyss» – administrasjonsselskap for kollektivtrafikken i Hordaland

«Skyss» er namnet på administrasjonsselskapet Hordaland fylkeskommune har oppretta og skal byggja opp til å stå for å kollektivtrafikken med buss og båt i heile fylket. «Skyss» vart lansert for media og inviterte gjester i Bergen 15. mai. Dei første bussa

Opprettinga av Skyss er knytt til at Hordaland fylkeskommune går over frå å gje ruteselskapa konsesjon for buss- og båtdrift til å tildela oppdrag etter utlyste anbod.

Omlegging til anbodsruter
Fylkeskommunen er i full gang med overgangen frå konsesjons- til anbodsruter. På snøggbåtområdet er dette alt gjennomført. Frå 1. januar 2008 startar overgangen til anbodsruter med buss. Først ut er rutene i Austevoll. I løpet av

Skyss logo
dei komande par åra skjer det same med rutene i resten av fylket.

Offentleg selskap
Skyss vert organisert som eit selskap direkte under fylkesadministrasjonen (Samferdselsavdelinga), og har dermed fylkestinget som øvste styrande organ.

Skyss skal administrera
Skyss får ansvaret for heile kollektivtilbodet i Hordaland: ruteplanlegging, takstar og rabattar, billettering, marknadsføring og informasjon. Dei enkelte rutene skal setjast ut på anbod, og private selskap vil konkurrera om å drifte dei.

Skyss-bussar i heile fylket
I takt med overgangen til bussruter utført etter tildelt anbod, vil bussar med Skyss-profil rulla i stadig større delar av fylket. Når omlegginga er fullført, vil Skyss-bussar stå for transporten i heile fylket.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og leiar i samferdselsutvalet, Gustav Bahus (t.h.), ved lanseringa av Skyss.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og leiar i samferdselsutvalet, Gustav Bahus (t.h.), ved lanseringa av Skyss.

Fylkesordføraren: Trygg og effektiv «Skyss» i heile fylket
Vi har valt namnet Skyss fordi det enkelt og greitt er det vi skal gje folk i Hordaland – trygg og effektiv skyss – på kryss og tvers i heile fylket, på land og på sjø, i by og i bygd. Dei som har behov for å reisa skal få Skyss, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då mål og profil for det nye administrasjonsselskapet for kollektivtrafikken i Hordaland vart lansert i Bergen 15. mai.

Sjå eige oppslag om lanseringa

Fylkesordføraren sin tale ved lanseringa i rikt tekstformat eller som pdf-fil

Byggjer opp Skyss
Selskapet Skyss er under etablering og vil verta operativt i løpet av 2. halvår 2007. Stillingane som direktør og marknadsansvarleg vert lyste ut i desse dagar.

Brosjyre
Kollektivtrafikken tek nye former (pdf-fil). I denne brosjyren kan du lesa meir om nyorganiseringa 

15.05.2007 11:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart