
Dei fire jentene i Senterguide UB frå Bergen handelsgymnasium tok 3. plass i NM for ungdomsbedrifter: Monica Engeset (f.v.), Jennifer Einarsen, Benedicte Fagvaag og Sandra Sivertsen.
2. plass gjekk til festivalutrustning UB ved Bergen handelsgymnasium for beste brosjyre. Senterguide UB ved same skule tok 3. plass for beste innovative produkt. Dei fire jentene i elevbedrifta har sidan i fjor haust guida kundar på Sartor Senter.
Gode tilbakemeldingar
– Vi stod to dagar på stand og svara på spørsmål frå både jury og kundar, og fekk særs gode tilbakemeldingar. Nokre sa at dei ikkje skjøna kvifor ingen hadde tenkt på denne tenesta før. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå kundane på senteret, og vi er såleis overtydd om at tenesta har livets rett. Vi er stolte over kva vi har oppnådd, seier dagleg leiar Jennifer F. Einarsen i Senterguide UB til avisa Vestnytt.
"Sotra-krydder"
3. plass gjekk og til Smaksdråpen UB ved Sotra vidaregåande skule for beste gastronomiske produkt. Dei har laga eit eiga ”Sotra-krydder” som dei brukar til å fiffe opp smaken på viltkjøt og lam.
– Det kjennest heilt supert. Vi hadde ikkje trudd at det ville gå så bra, seier Øystein Ekren til avisa Vestnytt. Krydderet er 100 prosent økologisk og fall i god jord både hos kundane og juryen.
3. plass gjekk og til safety-pen UB ved Sandsli videregående skole for beste nettstad.

Dagleg leiar Øystein Ekren i Smaksdråpen UB ved Sotra vidaregåande skule er stolt over 3. plass i NM for ungdomsbedrifter for det lokale ”Sotrakrydderet” som dei sjølv har utvikla.
Les meir om NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm