Hordaland fylkeskommune delar i år ut ein til tre kulturarbeidarprisar til enkeltpersonar, grupper, lag eller organisasjonar som har utmerkt seg med eit kulturarbeid som har eller har hatt mykje å seie for kulturlivet i Hordaland.
Siste frist for å søkje om kulturarbeidarprisen er måndag 11. juni. Enkeltperson skal vera fødd og/eller busett i fylket. Gruppe, lag eller organisasjon må ha sitt virke i fylket. Dersom prisen vert delt på tre kandidatar skal det vera ein hovudpris på 30 000 kronar, og to mindre prisar på 10 000 kronar kvar. Det står alle fritt å føreslå kandidatar til kulturarbeidarprisen. Forslaget skal vera grunngjeve.
Kriterium for å få prisen er:
- Enkeltperson/ gruppe/ lag/organisasjon skal væra direkte knytt til Hordaland. (Enkeltperson skal vera fødd og/eller busett i fylket. Gruppe, lag eller organisasjon må ha sitt virke i fylket.)
- Den kulturelle aktiviteten som prisen blir gitt på grunnlag av, skal ha eller ha hatt mykje å seie for kulturlivet i heile eller delar av fylket.
Send forslaget ditt til:
Hordaland fylkeskommune
Kultur- og idrettsavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen
E-post: kultur@post.hfk.no
Frist: 11. juni
Nærmare opplysingar hos:
Ronny B. Skaar, tlf. 55 23 91 77, e-post: ronny.skaar@post.hfk.no
Les reportasje frå utdelinga av kulturarbeidarprisen for 2006