«Hordalandsklasse» i Erfurt frå hausten 2007

I samarbeid med delstaten Thüringen i Tyskland opprettar Hordaland fylkeskommune frå hausten 2007 ein yrkesfagklasse i Erfurt for elevar frå Hordaland. Komande haust vil 6-8 elevar som søkjer elektrofag Vg2 få høve til å delta i prosjektet som Hordaland

Askøy videregående skole skal vera kursansvarleg for klassen. For hausten 2007 har fylkesutvalet løyvd 300 000 kr til prosjektet som har ein heilårskostnad på 550 000 kr.

Nytt språkområde
Hordaland fylkeskommune sitt internasjonale tilbod innan vidaregåande utdanning  vert med dette utvida til eit nytt språkområde. Frå før har fylkeskommunen samarbeidsavtalar med skular i Storbritannia (Cardiff og Orknøyane) og USA (Missouri).

Seks til åtte elevar
Prosjektet i Erfurt vil gje seks eller åtte elevar frå ulike vidaregåande skular i fylket, alle søkjarar til Elektro Vg2, eit skuleår i Tyskland frå om lag 1.september. Alle elevane vil få tilbod om eit kortkurs i tysk språk og samfunnsliv før avreise. Skulespråket er tysk.

Moderne skule i Erfurt
Detaljane kring opphaldet er ikkje klare, men planen er at elevane skal få plass på den moderne Andreas Gordon skule sentralt i Erfurt. Elevane som får og tek i mot tilbodet, vil ta dette som ein lekk i deira ordinære skuletilbod. Elevane skal følgja dei lokale skuleplanane, også når det gjeld utplassering i bedrift, og den undervisninga som Hordaland fylkeskommune tilbyr gjennom Askøy videregående skole i Tyskland. Det gjeld dei faga som er naudsynte for å oppnå seinare studiekompetanse/fagbrev.
 Frå Askøy videregående skole si side vil dei verta følgde opp i dei naudsynte allmennfaga gjennom eit system med reiselærar, modell Cardiff og sjølvstudium.

Pressemelding frå fylkesutvalet 24. mai 2007

Stanley Hauge 24.05.2007 19:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart