Hordaland og seks andre fylkeskommunar i landet er blitt med i eit pilotprosjekt om utvida kulturell skulesekk. I seks år har den kulturelle skulesekken vore eit tilbod til grunnskulane. Frå hausten skal og elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland få
Det er regjeringa som har bestemt at Hordaland skal bli ein av sju pilot-fylkeskommunar med tilbod til elevar i vidaregåande skular.
Til pilot-prosjektet får Hordaland 685.000 kroner for neste skuleår i tillegg til ordinær løyving. Totalt er løyvinga på seks millionar kroner til prosjektet i dei sju fylkeskommunane.
Dei andre fylkeskommunane er Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Vest-Agder, Troms, Oppland og Hedmark.
Heimesida til Den kulturelle skolesekken i Hordaland