Gullparaply til to skular i Hordaland

Elevar i vidaregåande skular i Hordaland stakk av garde med to av tre prisar under den første utdelinga av Gullparaplyen under landskonferansen for medielærarar i Bergen. Prisane gjekk til Voss husflidskule og Stord vidaregåande skule.

For beste dokumentar gjekk Gullparaplyen til Barbro Marie Medås, Synnøve Horvei, Daniel Melve Kvarme i 2. klasse på media og kommunikasjon ved Voss husflidskule.
For beste dokumentar gjekk Gullparaplyen til Barbro Marie Medås, Synnøve Horvei, Daniel Melve Kvarme i 2. klasse på media og kommunikasjon ved Voss husflidskule. (foto frå heimesida til Voss husflidskule)

Gullparaplyen går til beste film som elevar i vidaregåande skular over heile landet har laga innan tre klassar: Dokumentar, animasjon og fiksjon. Meir enn 50 filmar kom inn til konkurransen, og det var nominert to filmar i kvar klasse.

Beste dokumentar
Tre elevar i 2. klasse ved Voss husflidskule vann Gullparaplyen for dokumentarfilmen  ”Kvardagens hindring”. Dei tre elevane Barbro Marie Medås, Synnøve Horvei, Daniel Melve Kvarme går på linje for medium og kommunikasjon. Som prosjekt til jul i fjor laga dei dokumentarfilmen om ei kreftsjuk 19 år gammal jente og livet hennar over to veker.
– Filmen vann svært klart, seier lærar for elevane, Torstein Ohnstad som er svært nøgd både med filmen og 1. pris på konferansen.

Beste animasjon
Vinnar av klassen for beste animasjon vart Ørjan Pettersen i 2. klasse på medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande skule med filmen ”En varm kveld”. Det er ein reklamefilm om refleks. Læraren hans, Stein Erik Gilje, fortel at Øystein Pettersen var utplassert i to veker i animasjonsstudioet til Big Animasjon i Bergen og lærte mykje der. Animasjonen er laga på datamaskin med enkel form og avanserte teknikkar. Han har mellom anna kombinert to program på datamaskinen for å lage filmen.

Sjå heimesida til Voss husflidskule med omtala av vinnarane frå skulen

14.05.2007 14:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart