Glede over ny tannklinikk på Årstad

– Ingen tannklinikk har vore så ønska som denne, sa overtannlege Arne Åsan då den nye Årstad tannklinikk vart offisielt opna 9. mai. Tre gamle tannklinikkar er lagt ned og erstatta av ein flunkande ny i Overlege Danielsens hus i Årstadveien 21.

På bildet fra venstre er: Siren Vatshelle, Sigrunn Bru, overtannlege Arne Åsan (bak), klinikksjef Sara Breivik med gåva frå Fylkestannlegen, eit trykk av Hetland med motiv frå ein oversvømma Bryggen i Bergen, Elisabeth Torsvik, Trond Augustson, Trine Lise Lundekvam Berge og Gunn Ingfrid Sæle.
Ein del av dei tilsette ved den nye Årstad tannklinikk med overtannlege Arne Åsan (bak): Siren Vatshelle (f.v.), Sigrunn Bru, klinikksjef Sara Breivik med gåva frå Fylkestannlegen, eit trykk av Hetland med motiv frå ein oversvømma Bryggen i Bergen, Elisabeth Torsvik, Trond Augustson, Trine Lise Lundekvam Berge og Gunn Ingfrid Sæle. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Frå 11 til 13 tilsette
Vel seks millionar kroner har det kosta å byggje den nye tannklinikken som har sju behandlingsrom og 11 tilsette. Til hausten aukar staben til 13. Lokala er leigde inntil det planlagde felles huset med De odontoligiske fakultet skal stå ferdig om få år, på nabotomten, som tidlegare var lokale til dei prekliniske instituttar.

Planar og vonbrot
Nesten 20 år har det tatt å få til ny tannklinikk på Årstad. Klinikksjef Sara Breivik gjekk gjennom planar og vonbrot opp gjennom åra, men det som utløyste ny klinikk var at Bergen kommune sa opp leigeavtalen for Slettebakken tannklinikk der huset skal totalrenoverast og bli lokale for den internasjonale skulen.

Ei lukke
– Oppseiinga frå Bergen kommune vart lukka for oss. Vi hadde ikkje fått ny tannklinikk utan den, sa Breivik.
Klinikksjefen takka mellom anna avdelingsingeiør Torleif Askeland hos Fylkestannlegen for jobben med å installere alt utstyret og overrekte blomster.

Blomster for første gong
– Dette er første gongen eg har fått blomster under opninga av ein tannklinikk, kvitterte Askeland.
Breivik takka og alle tilsette ved klinikken og deira ektefeller som har stått på dag og natt for at dei nye lokala skulle bli ferdige i tide. Med den nye tannklinikken er Slettebakken tannklinikk, Landås tannklinikk og Landås menighets eldresenter tannklinikk lagt ned.

Avdelingsingeniør Torleif Askeland og klinikksjef Sara Breivik er glade og nøgde med den nye tannklinikken på Årstad.
Avdelingsingeniør Torleif Askeland og klinikksjef
Sara Breivik er glade og nøgde med den nye
tannklinikken på Årstad som har fått flunkande
nye tannlegestoler.

Bjarte Brask Eriksen 11.05.2007 15:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart