Fylkesutvalet går for to vidaregåande skular på Voss

I framtida skal det vera to vidaregåande skular på Voss, er innstillinga frå fylkesutvalet til Hordaland fylkesting som skal gjera endeleg vedtak i saka 12.-13. juni.

Dette vil gje ein vidaregåande skule på Skulehaugen (Voss gymnas) og ein på Skulestadmo (Voss jordbruksskule).

Voss gymnas, Skulehaugen, får følgjande utdanningsprogram:

Studiespesialisering
Studiespesialisering, formgjeving
Musikk, dans og drama
Idrettsfag
Medium og kommunikasjon
Service og samferdsel
Design og handverk
Helse og sosialfag
Særskilt tilrettelagt undervisning

Voss jordbruksskule, Skulestadmo, får følgjande utdanningsprogram:

Naturbruk
Restaurant- og matfag
Teknikk og industriell produksjon
Bygg- og anleggsteknikk
Elektrofag
Teknisk fagskule

Tilrådinga er gjort med  11 (H, KrF, Frp, Sp, V, SV) mot 4 (Ap, RV)  røyster.

Andre forslag
Gisle Handeland (Ap) føreslo at fylkestinget skal vedta at det skal vera to vidaregåande skular på Voss i framtida. Vidare at det skal arbeidast vidare med utdanningsprogramma for skulane med sikte på å oppnå betre kjønnsmessig balanse, og ei utjamning av studiespesialiserande og yrkesfaglege studieretningar for å unngå reindyrking av ein yrkesfagleg og ein allmennfagskule. Forslaget fekk   5 (Ap, SV, RV) røyster, og er ikkje tilrådd.

Sunniva Schultze-Florey (RV) føreslo at elektrofagklassane framleis skal liggja i Granvin. Dette forslaget fekk 6 (Ap, SV, RV, SP) røyster og er ikkje tilrådd.
 Schultze-Florey føreslo også at helse- og sosialfag og media og kommunikasjon vert lagt til skulen på Skulestadmo og at skulen på Skulehaugen ikkje skal ha meir enn 600 elevar. Dette forslaget fekk  1 (RV) røyst.

På Skulestadmo
Skulen på Skulestadmo vert ein etter måten stor yrkesskole. Elevtalet vert ca. 420 og det vil vera ca. 60 årsverk knytt til skolen. Dette vert ein fusjon av Voss jordbruksskule, Voss vidaregåande skule si avdeling på Bryn, elektrofagklassane i Granvin og delar av Rogne vgs. (Restaurant- og matfag).  

På Skulehaugen
Dei resterande utdanningsprogramma vil verta lokaliserte i skulen på Skulehaugen ved og i dagens Voss gymnas. Denne vil ha ca. 740 elevar og ca. 80 årsverk.

Investeringar på 347 mill. kr
Investeringskostnadene er kalkulert til 347,3 mill. kr for alternativet med to skular. I denne summen er lagt inn. 20,8 mill. kr  til ombygging og oppgradering av det eksisterande skuleanlegget på Skulehaugen.

Investeringskostnadene vert, etter nærare vurderingar, å innarbeida i sak om økonomiplan til fylkestinget i desember 2007, heiter det i tilrådinga frå fylkesutvalet.

Pressemelding frå fylkesutvalet

Stanley Hauge 24.05.2007 19:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart