Vi har valt namnet Skyss fordi det enkelt og greitt er det vi skal gje folk i Hordaland – trygg og effektiv skyss – på kryss og tvers i heile fylket, på land og på sjø, i by og i bygd. Dei som har behov for å reisa skal få Skyss, sa fylkesordførar Torill
|
Stor forvaltingsreform I forvaltingssystemet vi har hatt til no for kollektivtrafikken i Hordaland, har operatørselskapa harr eit tungt ansvar for utvikling og drift av tilbodet. Dei har gjort ein solid og viktig jobb under skiftande rammevilkår, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Fylkesordføraren kalla overgangen til at alle buss- og båtruter i Hordaland fylkeskommune sin regi, skal tildelast etter anbod, for den største forvaltingsreforma i kollektivtrafikken i fylket nokon sinne.
Nytt administrasjonsselskap – For å handtera desse nye og svært krevjande oppgåvene, er vi i gang med å byggja eit heilt nytt administrasjonsselskap. Selskapet skal husa ein profesjonell organisasjon som skal utvikla og drifta tunge oppgåver knytt til konkurranseutsetting og drift av kollektivtrafikk. I tillegg vil vi også få alt ansvar for marknadsplanlegging og marknadsføring. Særleg i dette feltet ligg det eit stort utviklingspotensial, sa fylkesordføraren.
Heilskapleg og tydeleg – Vi meiner det er særdeles viktig at ei så stor og tung samfunnsoppgåve som kollektivtrafikken er synleg på ein flott, heilskapleg og tydeleg måte i heile fylket. For same kvar ein er og kvar ein reiser i Hordaland skal ein møte det same namnet og dei same bussane, og ein skal få den same gode opplevinga av trygg og effektiv skyss. Vi trur dette vil bidra til at alle vert litt glade i og stolte over kollektivtilbodet i fylket vårt, og aller |
 Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
|
viktigast – at stadig fleire vil late bilen stå og heller sitte på med oss.
Den visuelle profilen
Fylkesordførar Selsvold Nyborg: – Selskapet sin visuelle profil hentar inspirasjon både frå dei natur og kulturmiljøa som passasjerane skal ferdast i, og vi har brukt former frå typisk urbane transportlandskap. I desse flotte linjene kan vi tydeleg ane byens pulserande nettverk av vegar og baner som buktar seg om kvarandre, vi ser grasiøs natur som spenner seg ut, og vi kjenner att former frå musikk- og kulturliv. Alt i alt utgjer desse elementa frå natur, teknikk og kultur eit nettverk av former og funksjonar som speglar vårt moderne samfunn.
Eit offentleg selskap
– Vi ønskjer også å vera tydelege om at vi er eit offentleg selskap. Hordaland fylkeskommune sitt våpenskjold skal alltid vera ein del av logoen. Dette gjer vi for å tydeleg markere kven som er den eigentlege tilbydaren av kollektivtenester.
Nytt billetteringssystem
Fylkesordføraren trekte også fram at fylkeskommunen i ferd med å få på plass eit nytt billetteringssystem som vil vera eit sentralt virkemiddel i utviklinga av eit meir samanhengande og kundevenleg kollektivtilbod.
Fylkesordføraren sin tale ved lanseringa i rikt tekstformat eller som pdf-fil
Meir informasjon om Skyss, det nye administrasjonsselskapet for kolletivtrafikk i Hordaland
