Folkefest i Skavdalsvingen

Mellom 400 og 500 personar, unge som eldre, var laurdag til stades på den flotte nye rasteplassen i Skavdalsvingen. Det var reine 17.-maistemninga under den offisielle opninga av den "nye" Fv 40 mellom Omvikdalen og Matre i Kvinnherad kommune.


Fylkesordførar Torill Selsvold Nygård klipte snora på nye-vegen i Skavdalssvingen i lag med ordførar Bjarne Berge (t.v) og vegsjef Ole Chr. Torpp. (Foto: Jane Haaranes/Grenda).

Den store festen sette punktum for eit anlegg til 20 millionar kroner der Hordaland fylkeskommune betalar heile gildet. Sunnhordland Kraftlag har forskottert halvparten i fire år.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nygård trekte fram at gode vegar og kommunikasjonar er sjølve livsnerva i mange bygdesamfunn. Når SKL gjekk i gang med den siste kraftutbyggjinga i Matrefjella, fekk kommunen og Hordaland fylkeskommune ein gylden sjanse til å få gjort noko med dei dårlege vegane.

Fylkesordføraren tykte Skavdalssvingen på det nye veganlegget glir fint inn i den vakre naturen i dette området.


innsida.no: Vegfest større enn 17. mai
Punktum for anlegg til 20 mill kroner
Bildeserie: Folkefest for ny veg til/frå Matre
Kvinnheringen: Folkefest i Skavdalsvingen

14.05.2007 10:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart