Concordia Bus overtek bussrutene i Sunnhordland

Hordaland fylkeskommune sparar ti millionar kroner årleg etter å ha tildelt Concordia Bus drifta av bussrutene i Sunnhordland frå 1. juli 2008 og fram til 16. august 2015.

Dette er den andre bussrutepakka i Hordaland som er tildelt etter anbodsprinsippet.

Meir for pengane
- Fylkeskommunen sparar ti millionar kroner årleg, samanlikna med subsidiane i år, og med nøyaktig same rutetilbod som i dag, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.

- Betre rutetilbod eller lågare takstar er det me vil nytta dei sparte pengane på, for det skal gå tilbake til passasjerane, understrekar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

- Samstundes får me eit kvalitetsløft på bussmateriellet, legg leiar Gustav Bahus i Samferdsleutvalet til.

Tildelingskriterium
Fylkesrådmannen har vurdert anbydarane i høve til ei rekkje tildelingskriterium som var med i anbodsgrunnlaget som pris i anbodsperioden, kvalitetssikringssystem og miljøkrav. Evalueringa av anboda har synt at det er liten skilnad mellom dei to beste anbydarane.

Pris vesentleg
Pris har vore vesentleg for val av leverandør, men fylkesrådmannen presiserer at det er lagt ei totalvurdering til grunn med omsyn til kva anbod som er det økonomisk mest fordelaktige for fylkeskommunen.

Ved tildelinga av anbodet vart Concordia Bus valt, som var anbydaren med lågast pris. Deira anbod var på 50,7 millionar kroner medan det dyraste var på 65,6 millionar kroner. Prisen per rutekilometer varierte med mellom 25 og 32 kroner.

Dagens ruteoperatør Tide Buss, Veolia Transport Sør og Nettbuss Sør var dei tre andre som leverte inn anbod.

Universell utforming og miljøvenlege
Alle bussane vil vere nye ved oppstart på anbodet. Bussane blir levert med miljøvenlege Euro 5 motor eller EEV-motor som gir lågare utslepp. Alle bussane som skal gå i bytrafikken på Stord vil ha låg-golv/laventre og vere utstyrt med rampe for barnevogner og rullestolar.

Sjuårsperiode
Driftsperioden anboda gjeld for, er sju år frå 1. juli 2008 til midten av august 2015. ”Sunnhordlandspakka” omfattar bussrutene i kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Sveio. Det gjeld 2 050 000 rutekilometer per år og omfattar all ruteproduksjon inkludert skuleskyss. Concordia Bus (Ing. M. O. Schøyens) har opsjon på fornying i to år til.

Konkurranseutsetjing av bussruter har gitt god utteljing for fylkeskommunen, og den politiske leiinga ser no fram til opninga av anboda for Hardanger som er neste område. Deretter kjem området vest for Bergen og Nordhordland. 

BT: Gler seg over busskontrakt
BT-kommentar: Meir buss for pengane
BT: Concordia-bussar til Sunnhordland
HA: Concordia overtek for Tide
BA: Kan bli dyrere neste år
Sunnhordland: Svenske bussar tar over i Sunnhordland

Simon Sortland 31.05.2007 08:08
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart