- Samkøyring vil spara tid

- Det hastar med å få auka kapasiteten på Sotrasambandet. Eit samla Hordaland fylkesutval oppmodar difor sterkt samferdselsministeren om å sørge for at det formelle planarbeidet med konsekvensutgreiing og kommunedelplan kan gjennomførast parallelt med kva

Sambandet mellom Sotra og Bergen har dei seinare åra hatt ein vekst i trafikken som i dag medfører at kapasiteten over Sotrabrua til tider er sprengt. Det er grunn for å tru at denne veksten vil halde fram dei komande åra.

- Inga tid å miste
Det nye statlege eksterne kvalitetssikringsopplegget KS1 skal gjennomførast for strekninga Bergen-Sotra. I den samanheng vert det vurdert om det ordinære planarbeidet må settast i bero inntil kvalitetssikringsarbeidet er gjennomført. Det er i dag usikkert kor lang tid gjennomføringa av KS1-arbeidet vil ta.

- Fylkesutvalet er difor oppteken av at det vert utarbeidd planar for snarleg realisering som vil auka transportkapasiteten. Aktuelle løysingar er tilstrekkeleg lokalt forankra både fagleg og politisk slik at arbeidet med konsekvensutgreiing og kommuneplan kan gjennomførast parallelt med KS1-arbeidet, påpeikar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i sitt brev til samferdselsmininsteren.

Fråsegn samrøystes vedteken av Hordaland fylkesutval 24.05.07 om KS1 på Sotrasambandet

Simon Sortland 25.05.2007 13:20
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart