Betre drifts- og servicenivå på ferjesambandet Bruravik-Brimnes må prioriterast i riksvegbudsjettet for 2008, rår Hordaland fylkesting til i innstillinga si om riksvegbudsjettet for neste år.
Fylkestinget viser til at fleire riksvegferjesamband i Hordaland ikkje oppfyller vedtekne servicekrav til ferjedrifta. Sambandet Rv13 Bruravik – Brimnes oppfyller ikkje kravet til halv timersavgangar i vinterhalvåret og heller ikkje kravet til nattavgangar. RV stod åleine om at alle riksvegferjesamband som ikkje oppfyller desse krava må prioriterast. Dei fekk berre med seg SV om å gå inn for ei for ei kraftig auke i rassikringsmidlar til Hordaland i statsbudsjettet alt for 2008.
Fylkestinget går inn for at fylkeskommunen forskotterer 11,4 mill.kr til ferdigstilling av prosjektet E134 Rullestadjuvet inkl. Vintertun-Vassvikvatnet i 2008, under føresetnad av at midlane vert refunderte i 2009. Liv Glasser sitt framlegg om at fylkestinget føreset at Vossapakken vert prioritert før Kvammapakken fekk 8 (SV og RV) røyster.
Fylkestinget har ingen merknader til investeringsopplegget for utbygging av stamvegar i Hordaland i budsjettforslaget for 2008, og er samd i hovudprioriteringane innanfor fylkesfordelt riksvegramme og dei særskilte rassikringsmidlane i budsjettforslaget.
Fylkesrådmannen seier seg i saksutgreiinga tilfreds med at det i forslaget til riksvegbudsjett 2008 vert lagt opp til ei satsing på utbygging av stamvegnettet som så langt er i samsvar med NTP-handlingsprogrammet for 2006-2009. Men han er uroa over at rammene for utbygging av andre riksvegar ikkje på same måte samsvarar med det som var føresett som ramme i NTP-programmet 2006-2009. Med den løyvinga det er lagt opp til i 2008, vil ein ved utgangen av 2008 liggja 76,5 mill. kr etter programmet.