På møtet i fylkesutvalet 21. juni vart dette punktet i høyringsfråsegna vedteke etter forslag frå Terje Søviknes. Han sette fram forslaget på vegner av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Fremskrittspartiet. Dei andre partia i fylkesutvalet, Arbeiderpartiet, Sosialistisk Vesntreparti, Senterpartiet og Venstre, ville gå endå lenger og føreslo å fremja motsegn til Bergen kommune si arealdisponering ved flyplassen. Men motsegnsforslaget fekk ikkje fleirtal.
Kritisk
Alt då fylkesutvalet 22. februar 2007 første gong handsama rulleringa av arealdelen i kommuneplanen til Bergen for 2004-2015, stilte utvalet seg kritisk til Bergen kommune si arealdisponering ved flyplassen.
Reduserer fleksibiliteten
I saksutgreiinga heiter det: «Arealbruken i flyplassområdet er av særleg langsiktig og regional interesse. I planforslaget er det lagt opp til å ta i bruk store areal nær flyplassen som kan redusera fleksibiliteten for framtidig utvikling av flyplassfunksjonane. Moglege konsekvensar er for lite utgreidde, og arealbruken i området burde også vore vurdert i ein større regional samanheng.»
Vedtak i fylkesutvalet 21. juni 2007:
1. Fylkesutalet viser til tidlegare fråsegn til kommuneplan for Bergen - arealdelen 2006-2017 og støttar hovudtrekka i planforslaget, men opprettheld dei merknadene som ikkje er imøtekomne. Dette gjeld særleg føljande punkt (fylkesutvalet sine vedtakspunkt 21.02.2007 i parentes):
- avgrensing av sentrale handelsområde i samsvar med retningsliner i fylkesplanen (2)
- omfanget av foreslåtte utbyggingsområde ved Flesland flyplass (3)
- forvaltning av strandsona, spesielt med omsyn til avgrensing av naustområde (5)
- justering i høve til fylkeskommunen sin eigedom ved Breistein/Vestlandsheimen (7)
- avklaring av arealkonflikt til fordel for forsvaret ved Marinebasen Håkonsvern (9)
- vilkår for dispensasjon frå plankravet for mindre bustadprosjekt (11)
I tilegg kjem til merknader til nokre av dei nye endringane som Byrådet har sendt på høyring.
2. Fylkesutvalet er spesielt uroa over at det vert lagt større utbyggingsområde for nært Flesland flyplass. Dette viktige transportknutepunktet i Hordaland må sikrast framtidige ekspansjonsmoglegheiter.
3 Fylkesutvalet er tilfreds med at motsegna til kommuneplanforslaget som gjeld kulturminne er imøtekommen (8).
4 Fylkesutvalet er positiv til at Byrådet har vurdert fleire næringsareal i Åsane, men er skeptisk til bruksendring til næringsformål på Hitland i eit område som mellom anna har stor kulturlandskapsverdi (endring nr.71).