Tumleplass for alle forvitne

Den storstila opninga av Vilvite-senteret i Bergen torsdag vart ein fartsfylt, spennande og lærerik affære for dei kring 250 voksne og barn som fekk boltra seg i vitskapen si verd. Ein fantastisk opplevings- og temapark for naturvitenskap og teknologi for

- Dette er ein stor dag for alle som har jobba med å realisera draumen om eit vitensenter i Bergen. Det er blitt eit senter utan sidestykke, der du kan risikera å læra noko medan du har det gøy!

Slik slo senteret sin administrerande direktør Svein Anders Dahl an tonen då VILVITE-senteret vart opna på Marineholmen torsdag. Blant rundt 250 innbudne gjester var også skuleelevar frå Granvin, der seks år gamle Bjørghild Himle Egdetveit fekk ein ekstra premie for å ha sendt inn namneforslaget VILMER på senteret sin maskot.

Halsbrekkande opning av VilVite-senteret med trapeskunstner Desiree Hafstad.

- Inspirasjon for heile regionen
- Born og vaksne som kjem her vil kjenna seg igjen i dei tema som er valgt - nemleg hav, energi og vêr. Alt dette har vi jo mykje av her hjå oss. Vilvite-senteret vil inspirera heile regionen, for her kan ungane koma og leika, oppleva og formeleg ”ta” på kunnskapen, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i si helsing frå Hordaland fylkeskommune.

Selskapet Bergen Vitensenter AS vart skipa hausten 2005 og er eigd av Bergen kommune (28 %), Hordaland fylkeskommune, Universitetet i Bergen og Bergen Næringsråd med 18 % kvar. Hydro har gått inn med 100 millionar kroner i prosjektet.

- Realfaga treng ein stimulans og ei revitalisering. Spesielt viktig her hjå oss kor vi har eit næringsliv og forskningsmiljø som er avhengig av slik kunnskap. Vilvite-senteret vil bidra til å pirra nysgjerrigheten på det som skjer. Museum av denne typen har store besøkstal ute i verda, og det er ingen grunn til at vi er annleis her i Bergen og Hordaland. Så no må folk gå mann av huse, for ”å gjera og forstå”, oppmoda Selsvold Nyborg. 

Dag Mossige frå Slåtthaug skule i Teknokvariet styrer ROV-simulatoren. Dagleg leiar Trond Olsen i NCE Subsea forklarar for fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

 

- Dette er gøy og spennande
Ho lot seg imponera og fascinera av innhaldet i VILVITE-senteret. I Teknokvariet, der NCE Subsea har installert ein ROV-simulator, fekk ho ei inngåande orientering av dagleg leiar Trond Olsen. Med tredimensjonale briller var dei vitne til 9. klassingen Dag Mossige frå Slåtthaug skule sine manøvreringsdugleik på havbotnen.

- Denne simulatoren er den kjekkaste, for den er også vanskeleg å styra. Senteret her er gøy og spennande. Han skal ta realfag på vidaregåande. Men eg kjem nok til å jobba med økonomi, slår Dag Mossige fast.

- Det er desse ungdomane som er den viktigaste målgruppa vår, konstaterer Olsen, nøgd med både senteret og NCE Subsea sitt bidrag.

Varafylkesordførar Tom-Christer Nilsen saman med Joachim Pedersen som går i 1. klasse ved Granvin barne- og ungdomsskule.

Litt seinare treff me på varafylkesordførar Tom-Christer Nilsen i ein realfagsdiskusjon med Joachim Pedersen. Dei står ved BIR sin Bossbank. Dei dreier på eit stort raudt hjul og studerar bossorteringa.

- Denne likar eg best, seier Joachim som går i 1. klasse ved Granvin barne- og ungdomsskule. Å stiga opp på politimotorsykkelen og kjenna korleis det er å køyre i 100 kilometer i timen vart litt for skummelt, men den var flott å sjå på.

Inngangsbillett til realfaga si verd
Statssekretær Per Botolf Maurseth fant VILVITE-senteret som ein flott inngangsbillett til realfaga si verd. Etter å ha føreteke den offisielle opninga på vegne av kunnskapsminister Øystein Djupedal lot han seg lokka opp i "Sentrifugalskapen" og synte heltemodig innsats. Maurseth syntest VILVITE var eit fantastisk og visjonært namn, fordi det viktige er at born, unge og vaksne skal ønskje å vita, få høve til å fordypa seg, drøyme og undra seg.

Statssekretær Per Botolf Maurseth i Kunnskapsdepartementet fekk æra av å offisielt opna VilVite-senteret og hadde med seg blomar til administrerande direktør Svein Anders Dahl.

– Eit slikt senter bidreg nettopp til å auka forståinga for og engasjementet for naturvitenskap og realfag, som er vesentleg for å forstå kvar vi kjem frå og samanhengene i verden vi lever i. Berre med auka kunnskapar i realfag kan vi kome fram til løysingar på dei viktigaste spørsmål vi står overfor. Her er det nok å nemne utfordringar innan helse- og miljøspørsmål.

1. klassingen Heine Såkvitne frå Granvin barne- og ungdomsskule i over hundre kilometer i timen med fylkesrådmann Paul M. Nilsen og ordførar Herman Friele som vitne.

Maurseth lovprisa samarbeidet mellom det offentlige og dei private selskapa med Hydro i spissen, som hadde gått saman om å realisere vitensenteret på Marineholmen. Senteret vil uten tvil bety ein kraftig styrking av det lokale forskingsmiljøet i Bergen, påpeika statssekretæren. Han kunne opplysa at Regjeringen har gått inn for å auka løyvingane til vitensentra frå 10 til 16 millionar kroner som lekk i satsinga på realfag.

Den gamle verkstadhallen til Mjellem & Karlsen på Marineholmen ved Puddefjorden er omgjort til vitensenter med 75 ulike installasjonar til fri bruk for nysgjerrige besøkjande.

Les meir om VILVITE-senteret og opninga her:

BT: I vill fart mot ny viten
Hydro: VILVITE i Bergen - Drømmested for vitebegjærlige
Helsing frå fylkesordføraren

Simon Sortland 01.06.2007 10:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart