Fylkestinget godkjende samrøystes rekneskapen for Hordaland fylkeskommune for 2006. Driftsrekneskapen viser overskot på 120,8 millionar kroner.
Fem millionar kroner vert avsett til å ytterlegare styrka vegvedlikehaldet, mellom anna reasfaltering og fornying av busshaldeplassar. Like mykje vert sett av til elektronisk informasjon på dei viktigaste haldeplassane. Prosjektet inneber sanntidsinformasjon frå buss til haldeplass med informasjon om ankomst/avgangstider. Systemet skal vera universelt tilgjengeleg for blinde og svaksynte.
Moster gamle kyrkje fekk som førespegla 1,5 millionar kroner til opprustning og restaurering under føresetnad om eit spleiselag mellom stat, kommune og fylke.
For å fremja hordalandsregionen sine fordelar innan teknologi, utdanning, lokalisering, kultur og særtrekk er det planlagt eit marknadsføringsprosjekt til ein halv million kroner mot sentrale kundar og avgjerdstakarar på mellom anna ONS-messa i Stavanger. Kultur- og ressursutvalet får tildelt ein halv million kroner til fordeling for eingangstiltak innan kulturområdet.
Solid fleirtal
Fellesframlegget frå H, KrF, Frp og Uavh vart vedteke med 54 mot 2 røyster (RV):
Digital skule (elev-pc) + 20 800 000
Vedlikehold vgs (straumforsyning pc) + 16 000 000
Avsetjning til disp fond (svømmeanlegg) + 10 000 000
Avsetjing til disp fond (pc 2008) + 20 800 000
Avsetjing til disp. fond + 40 716 970
Moster kyrkje, tilskudd til vøling + 1 500 000
Hordalandsprofilering ONS + 500 000
Til disp. kulturtiltak (fordeles av utvalg) + 500 000
Vegvedlikehold + 5 000 000
Informasjonssystem holdeplasser + 5 000 000
Disponering av tidlegare års overskot –120 816 970
Forslag som fall
Mette Holmefjord Olsen (SV) føreslo å setja av 5,2 mill. kr meir til elev-pc kvart av åra 2007-08, og redusera avsetjinga til disposisjonsfond tilsvarande. Framlegget fekk 21 røyster (Ap, SV, RV) og fall.
Harald Hove (V) føreslo å løyva18 mill. kr til infrastrukturtiltak for betre kollektivtrafikk, med tilsvarande reduksjon i avsetjing til disposisjonsfond. Framlegget fekk 4 røyster (V, RV).
Torstein Dahle (RV føreslo å disponera 10 millionar kroner til rassikring i indre Hardanger. Framlegget fekk 2 røyster (RV).
Les heile pressemeldinga frå første dag av fylkestinget