Startskotet gått for Hordfast

- Ferjefri stamveg Stord-Bergen er ein veldig god tanke, og noko me skal ta tak i politisk framover. Med eit samla næringsliv i ryggen kan me trygt seie at startskotet er gått for E39 Hordfast.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fekk overrekt prosjektrapporten om E39 Hordfast frå regiondirektør Tom Knudsen (t.v) og styreleiar Sigurd Hille i NHO Hordaland fredag føremiddag.

 

Det sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho fekk overrekt prosjektrapporten om E39 Hordfast frå regiondirektør Tom Knudsen og styreleiar Sigurd Hille i NHO Hordaland fredag føremiddag. 

Miljøvenleg og økonomisk
- Hordafast, ein indre, ferjefri stamveg mellom Stord og Bergen via Tysnes og Fusa, vil gje 25 minuttar kortare køyretid mellom Leirvik og Bergen. Det vil vere Norge sitt største ferjeavløysingsprosjekt. Fire ferjesamband kan leggjast ned. Staten vil med det spara 50 millionar kroner i årlege ferjekostnadar, og fjerna C02-utslepp tilsvarande 10 prosent av biltrafikken i Bergen, seier regiondirektør Tom Knudsen i NHO-Hordaland.

Basert på nøkterne føresetnader er ein komen fram til at med bompengar og ei statleg løyving på 4 milliardar kroner vil prosjektet kostnadsrekna til 10 milliardar kroner vere fullfinansiert i løpet av femten år. Målet er å få vurdert prosjektet i Nasjonal Transportplan (NTP) 2014-23.

Ny giv
I 2000 vedtok Hordaland fylkesting ein vegplan som inneber bru frå Stord til Tysnes og ferje frå Andlavågen nord på Tysnes til Halhjem i Os. Dette vil kutta dagens reisetid med omlag 20 minuttar, og vil vere noko billegare enn Hordfast.

- No er eit samla næringsliv oppteken av å få ned transportkostnadane og døgnope vegar, og dei har kosta denne utgreiinga med fagleg bistand frå Statens vegvesen. Hordfast vil også skapa positive ringverknadar for Hardanger-regionen. Difor har me no eit betre utgangspunkt enn den gong. Men det må gjerast eit nytt fylkestingvedtak, og me meiner tida no er moden for å få ein ferjefri kyststamveg, seier styreleiar Sigurd Hille i NHO Hordaland.

-  Dette er eit spennande prosjekt, og Vestlandsrådet har også opna opp for dette. Fylkesutvalet vil få ei orientering på førstkomande torsdag og fylkestinget vil få framlagt prosjektet i oktober, opplyste samferdselssjef Magnus Vestrheim.

- Me har eit politisk arbeid å gjere, og skal ta med alle synspunkt vidare. Denne rapporten gir oss utvilsamt eit godt grunnlag, understreka fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Regiondirektør Tom Knudsen i NHO-Hordaland hadde ein dvd-presentasjon av E39 Hordfast for
fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og samferdselssjef Magnus Vestrheim (t.h).

BT: Næringslivet lut lei ferjene
Haugesunds Avis: Ferjefritt for 10 mrd.
Sunnhordland: Ferjefritt Hordfast for 280 kroner
Pressemelding frå NHO Hordaland

Simon Sortland 15.06.2007 14:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart