Sørås tannklinikk er blitt miljøfyrtårn

– Dette er ei stor ære. De har grunn til å vere stolte, sa byrådsleiar Monica Mæland då ho overrekte sertifikatet til Sørås tannklinikk som er blitt miljøfyrtårn. Klinikksjef Linda Bringedal tok imot sertifikatet.

Dei tilsette ved Sørås tannklinikk vart heidra for å ta miljøansvar.
Dei tilsette ved Sørås tannklinikk vart heidra for å ta miljøansvar. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Første tannklinikk i Hordaland
Miljøfyrtårnsertifikatet vart overrekt under sommaravslutninga til tannhelsedistrikt sentrum på Hotel Terminus fredag 15. juni. Byrådsleiaren sa at Sørås tannklinikk er den første tannklinikken i Hordaland som oppnår å bli sertifisert for å ta miljøansvar og den andre i landet. Den første tannklinikken var Oslo tannklinikk.
– Vi er stolte. Dette er ein heider som krev innsats både før og etter utdeling. Miljøet kjem meir og meir på dagsorden og er viktig å ta med vidare. Eg vil rose alle tilsette, sa leiar av Opplærings- og helseutvalet i fylket, Roald Stenseide og overrekte blomster.

Tryggare arbeidsplass
Fylkestannlege Inge Magnus Bruvik gratulerte, overrekte eit bilete og sa at dei tilsette på tannklinikken har fått eit heilt anna syn på miljøet enn før.
– Tannklinikken er blitt ein tryggare arbeidsplass, og vi har fått ein økonomisk gevinst, sa Bruvik.
Overtannlege Arne Åsan var den som kom med forslaget om å miljøsertifisere Sørås tannklinikk.
– Eg tenkte på Sørås med ein gong vi fekk førespurnad. Men vi har andre kandidatar og. Det skal ikkje gå lenge før vi får ein tannklinikk til som er miljøsertifisert, sa Åsan.

Halvert straumforbruk
Alle dei tilsette ved tannklinikken deltok under overrekkinga og klinikksjef Linda Bringedal seier at dei starta arbeidet med miljøsertifisering for halvtanna år sidan.
– Det har vore ein del arbeid med dette, men mykje har vore gjennomgang av rutinar, arbeidet vi gjer og drift av bygningen. Eit resultat av dette er at vi har halvert straumforbruket og sparar pengar, seier klinikksjef Linda Bringedal.
Sørås tannklinikk er nummer to i Hordaland fylkeskommune som får denne heideren. For tre år sidan vart Askøy vidaregåande skule det første miljøfyrtårnet.

Byrådsleiar Monica Mæland overrekker miljøfyrtårnsertifikatet til klinikksjef Linda Bringedal ved Sørås tannklinikk.
Byrådsleiar Monica Mæland overrekker miljøfyrtårnsertifikatet til klinikksjef Linda Bringedal ved Sørås tannklinikk.

Leiar av Opplærings- og helseutvalet, Roald Stenseide, overrekker blomster til klinikksjef Linda Bringedal.
Leiar av Opplærings- og helseutvalet, Roald Stenseide, overrekker blomster til klinikksjef Linda Bringedal.

Bjarte Brask Eriksen 18.06.2007 15:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart